Genesis 29

So tok Jakob i vegen att, og gjekk til han kom til Austmannalandet. Og då han skoda kring seg, såg han ein brunn på marki og tri saueflokkar som låg der innmed; for av den brunnen vatna dei buskapen. Men steinen som låg yver brunnen, var stor. Og når alle buflokkarne hadde samla seg der, velte dei steinen av brunnen, og vatna feet, og so lagde dei steinen på staden sin att, yver brunnen. Og Jakob spurde deim: «Kvar er de frå, brørne mine?» Då sagde dei: «Me er frå Kharan.» So spurde Jakob: «Kjenner de Laban, son åt Nahor?» Og dei svara: «Ja, me kjenner honom.» «Liver han vel?» spurte Jakob. «Ja, det gjer han,» sagde dei, «og sjå der kjem Rakel, dotter hans, med sauerne.» Då sagde han: «Sjå, soli stend endå høgt; det er ikkje tidi å sanka buskapen endå. Lat sauerne få drikka, og gakk av og gjæt att!» «Det kann me ikkje, fyrr alle buflokkarne hev kome i hop,» sagde dei. «Då velter me steinen av brunnen, og vatnar feet.» Medan han stod og tala med deim, kom Rakel med buskapen åt far sin; for det var ho som gjætte. 10 Og då Jakob såg Rakel, dotter åt Laban, morbror sin, og såg buskapen hans, so gjekk han innåt, og velte steinen av brunnen, og vatna feet åt Laban, morbror sin. 11 Og Jakob kysste Rakel, og gråten tok honom. 12 Og Jakob sagde det med Rakel at han var skyld far hennar, og at han var son åt Rebekka. Då sprang ho heim, og sagde det med far sin. 13 Med same Laban fekk høyra um Jakob, systerson sin, sprang han imot honom, og slo armarne kring honom, og kysste honom mange gonger, og bad honom med seg heim. So fortalde han Laban alt det som hendt hadde. 14 Og Laban sagde med honom: «Ja menn er me same folket!» So var han hjå honom ein månads tid. 15 Då sagde Laban med Jakob: «Skulde du tena hjå meg for inkje, for di um du er systerson min? Seg ifrå kva du vil hava i løn!» 16 No hadde Laban tvo døtter; den eldste heitte Lea, og den yngste heitte Rakel. 17 Og Lea var daudøygd, men Rakel var både velvaksi og væn. 18 Og Jakob hadde huglagt Rakel, og sagde: «Eg skal tena hjå deg i sju år, fær eg Rakel, den yngste dotteri di.» 19 Og Laban svara: «Det er betre eg gjev deg henne, enn at eg gjev henne til ein framand mann. Ver du hjå meg!» 20 So tente Jakob i sju år for Rakel, og dei åri tykte han var som nokre få dagar, av di han var so sæl utav henne. 21 Sidan sagde Jakob med Laban: «Lat meg no få kona mi! for tidi mi er ute, og eg vil taka henne heim til meg.» 22 Då bad Laban i hop alt folket der i grendi, og gjorde eit gjestebod. 23 Og um kvelden tok han Lea, dotter si, og leidde henne inn til honom, og han sov hjå henne. 24 Og Laban let henne få Zilpa, tenestgjenta si: ho skulde tena hjå Lea, dotter hans, no. 25 Men um morgonen - sjå, då var det Lea! Då sagde han til Laban: «Kvi hev du fare soleis åt imot meg! Var det ikkje for Rakel eg tente! Kvi hev du svike meg?» 26 «Me hev ikkje det for vis her i landet,» svara Laban, «å gifta burt den som yngre er fyre den som er eldre. 27 Ver no hjå denne til brudlaupsvika er ute, so skal me gjeva deg den andre og, er so at du vil tena hjå meg i sju år til.» 28 Og Jakob gjorde so, og var hjå henne til brudlaupsdagarne var ende. Då gav Laban honom Rakel, dotter si, til kona. 29 Og han let Rakel, dotter si, få Bilha, tenestgjenta si: no skulde ho tena hjå henne. 30 Og Jakob tok Rakel og heim til seg, og han heldt meir av Rakel enn av Lea. Sidan tente han endå sju år til hjå Laban. 31 Då Herren såg at Lea var vanvyrd, let han henne få born, men Rakel fekk ingi. 32 Og Lea vart med barn, og åtte ein son, og kalla honom Ruben. «Herren hev set kor vondt eg hev det,» sagde ho, «no kjem mannen min til å halda av meg.» 33 Og ho vart med barn ein gong til, og åtte ein son, og sagde: «Herren hev høyrt at eg var vanvyrd; difor gav han meg denne og.» So kalla ho honom Simeon. 34 Og ho vart med barn endå ein gong, og åtte ein son, og sagde: «No lyt fulla mannen min halda seg til meg, sidan han hev fenge tri søner med meg.» Difor kalla dei honom Levi. 35 Og ho vart med barn fjorde gongen, og åtte ein son, og sagde: «No vil eg lova Herren.» Difor kalla ho honom Juda. So fekk ho ikkje fleire born då.
Copyright information for NorSMB