Genesis 36

Dette er ætti hans Esau eller Edom: Esau tok seg konor av Kana’ans-folket: Ada, dotter åt Elon, hetiten, og Åhålibama, dotter åt Ana, sonedotter åt Sibeon, heviten, og Basmat, dotter åt Ismael, syster åt Nebajot. Og Esau fekk med Ada sonen Elifaz, og med Basmat sonen Re’uel. Og med Åhålibama fekk han sønerne Je’us og Jalam og Korah. Dette var sønerne hans Esau, som han fekk i Kana’ans-land. Og Esau tok konorne sine og sønerne og døtterne sine og heile huslyden sin og buskapen sin og alle klyvdyri sine og alt godset sitt, som han hadde sanka i Kana’ans-land, og flutte burt frå Jakob, bror sin, og av til eit anna land. For dei åtte so mykje fe, at dei kunde ikkje bu saman; landet som dei heldt til i, kunde ikkje føda deim, so stor var buskapen deira. So sette Esau seg ned i Se’irfjelli; Esau, det er den same som Edom. Og dette er ætti hans Esau, far åt Edom-folket i Se’irfjelli: 10 Dette er namni på sønerne hans Esau: Elifaz, son åt Ada, kona hans Esau, og Re’uel, son åt Basmat, kona hans Esau. 11 Og sønerne hans Elifaz var Teman og Omar og Sefo og Gatam og Kenaz. 12 Og Elifaz, son hans Esau, hadde ei fylgjekona som heitte Timna. Med henne fekk Elifaz sonen Amalek. Dette var sønerne hennar Ada, kona hans Esau. 13 Og dette er sønerne hans Re’uel: Nahat og Zerah, Samma og Mizza. Dette var sønerne åt Basmat, kona hans Esau. 14 Og dette er sønerne åt Åhålibama, dotter hans Ana, sonedotter hans Sibeon, kona hans Esau: med henne fekk Esau sønerne Je’us og Jalam og Korah. 15 Dette er jarlarne åt Esau-folket: Sønerne åt Elifaz, eldste son hans Esau, var Teman-jarlen, Omar-jarlen, Sefo-jarlen, Kenaz-jarlen, 16 Korah-jarlen, Gatam-jarlen, Amalek-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Elifaz i Edomlandet. Dette var sønerne åt Ada. 17 Og dette er sønerne hans Re’uel, son åt Esau: Nahat-jarlen, Zerah-jarlen, Samma-jarlen, Mizza-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Re’uel i Edomlandet. Dette var sønerne åt Basmat, kona hans Esau. 18 Og dette er sønerne åt Åhålibama, kona hans Esau: Je’us-jarlen, Jalam-jarlen, Korah-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Åhålibama Anasdotter, kona hans Esau. 19 Dette var Esaus-sønerne, og dette var jarlarne deira. Dette var Edom-folket. 20 Dette er sønerne åt Se’ir, horiten, som hadde bygt landet: Lotan og Sobal og Sibeon og Ana 21 og Dison og Eser og Disan. Det var jarlarne åt horitarne, Se’ir-folket i Edomlandet. 22 Og sønerne hans Lotan var Hori og Hemam, og syster hans Lotan var Timna. 23 Og dette er sønerne hans Sobal: Alvan og Manahat og Ebal, Sefo og Onam. 24 Og dette er sønerne hans Sibeon: Aja og Ana. Ana var det som fann dei heite kjeldorne i øydemarki, medan han gjætte asni åt Sibeon, far sin. 25 Og dette er borni hans Ana: Dison og Åhålibama Anasdotter. 26 Og dette er sønerne hans Dison: Hemdan og Esban og Jitran og Keran. 27 Dette er sønerne hans Eser: Bilhan og Za’avan og Akan. 28 Dette er sønerne hans Dison: Us og Aran. 29 Dette er jarlarne åt horitarne: Lotan-jarlen, Sobal-jarlen, Sibeon-jarlen, Ana-jarlen, 30 Dison-jarlen, Eser-jarlen, Disan-jarlen. Det var jarlarne åt horitarne, fylkeshovdingarne deira, i Se’irlandet. 31 Og dette er dei kongarne som rådde yver Edomlandet, fyrr det rådde nokon konge yver Israels-folket. 32 Bela, son åt Beor, var konge i Edom, og byen han sat i heitte Dinhaba. 33 Og Bela døydde, og Jobab, son åt Zerah, frå Bosra, vart konge i staden hans. 34 Og Jobab døydde, og Husam frå Temanitarlandet vart konge i staden hans. 35 Og Husam døydde, og Hadad, son åt Bedad, vart konge i staden hans; han var det som vann yver midjanitarne på Moabmoen. Og byen hans heitte Avit. 36 Og Hadad døydde, og Samla frå Masreka vart konge i staden hans. 37 Og Samla døydde, og Saul frå Rehobot uppmed åi vart konge i staden hans. 38 Og Saul døydde, og Ba’al-Hanan, son åt Akbor, vart konge i staden hans. 39 Og Ba’al-Hanan, son åt Akbor, døydde, og Hadar vart konge i staden hans, og hans by heitte Pa’u; og kona hans heitte Mehetabel, dotter åt Matred, som var dotter åt Mezahab. 40 Og dette er jarlarne av Esau-ætti, etter sine ætter, i sine bustader, med sine namn: Timna-jarlen, Alva-jarlen, Jetet-jarlen, 41 Åhålibama-jarlen, Ela-jarlen, Pinon-jarlen, 42 Kenaz-jarlen, Teman-jarlen, Mibsar-jarlen, 43 Magdiel-jarlen, Iram-jarlen. Det var jarlarne i Edom, etter bustaderne sine i det landet dei åtte. Dette var ætti hans Esau, far åt Edom-folket.
Copyright information for NorSMB