Genesis 37

Jakob vart buande i Kana’ans-landet, der som far hans hadde halde til. Dette er soga um Jakobs-ætti: Då Josef var syttan år gamall, gjætte han fenaden i lag med brørne sine; han var busvein hjå sønerne til Bilha og Zilpa, konorne åt far hans, og alt det vonde som vart sagt um deim, gjekk Josef til far deira med. Men Israel heldt Josef kjærast av alle borni sine, for han hadde fenge honom på sine gamle dagar; og han gjorde ein sid ermekjole åt honom. Og då brørne hans såg at far deira heldt meir av honom enn av alle brørne hans, vart dei hatige på honom, og kunde ikkje tala eit godt ord til honom. Ein gong hadde Josef ein draum, som han fortalde brørne sine, og då vart dei endå meir hatige på honom. «No skal de høyra kva eg hev drøymt,» sagde han til deim. «Eg tykte me var utpå åkeren og skar. Best det var, reiste mitt kornband seg upp og stod, og dykkar kornband stod rundt ikring og bøygde seg for mitt.» Då sagde brørne hans med honom: «Skal du, kann henda, verta kongen vår og råda yver oss?» Og sidan hata dei honom endå meir for draumarne og rødorne hans. So hadde han ein draum att, og den fortalde han og brørne sine. «Veit de kva eg no hev drøymt?» sagde han: «Eg tykte soli og månen og elleve stjernor lagde seg å gruve for meg.» 10 Men då han sagde det med far sin og brørne sine, skjemde far hans på honom og sagde med honom: «Kva er det no du hev drøymt att! Skulde eg og mor di og brørne dine koma og leggja oss å gruve for deg?» 11 Og brørne hans var ovundsjuke på honom, men far hans lagde seg dette på minne. 12 So var det ein gong brørne hans var av og gjætte buskapen åt far sin burtmed Sikem. 13 Då sagde Israel med Josef: «Gjæter ikkje brørne dine burtmed Sikem? Kom, eg vil senda deg til deim!» Og han svara: «Ja, her er eg.» 14 Då sagde Israel med honom: «Kjære deg, gakk av og sjå korleis det stend til med brørne dine og korleis det er med buskapen, og kom so heim att og seg meg det!» Dermed so sende han Josef av stad frå Hebrondalen, og so kom han til Sikem. 15 Medan han no vanka umkring i marki, møtte han ein mann, og mannen tala til honom og spurde: «Kva leitar du etter?» 16 «Eg leitar etter brørne mine,» svara han. «Kjære deg, seg meg kvar dei gjæter!» 17 «Dei hev teke ut herifrå,» sagde mannen: «Eg høyrde dei sagde: «No vil me til Dotan.»» So gjekk Josef til Dotan, og der fann han brørne sine. 18 Dei såg honom langt burte, og fyrr han kom innåt deim, samråddest dei um å drepa honom, 19 og dei sagde seg imillom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren! 20 Kom og lat oss slå honom i hel og kasta honom ned i ein av desse brunnarne her, og so segja at eit udyr hev ete honom upp! Då skal me sjå kva det vert av draumarne hans.» 21 Då Ruben høyrde det, vilde han berga honom utor henderne deira og sagde: «Lat oss ikkje taka livet hans!» 22 Og Ruben sagde med deim: «Lat det ikkje renna blod! Kasta honom heller ned i denne brunnen, som er i øydemarki, men legg ikkje hand på honom!» Dette sagde han av di han vilde berga honom utor henderne deira og få honom heim att til far hans. 23 Då no Josef var komen innåt brørne sine, hadde dei av honom kjolen hans, den side ermekjolen han gjekk i, 24 og tok og kasta honom ned i brunnen; men brunnen var tom; det var ikkje vatn i honom. 25 So sette dei seg ned, og vilde få seg mat. Men då dei såg upp og skoda kring seg, vart dei vare eit ferdafylgje: det var ismaelitar, som kom frå Gilead, og førde kryddor og balsam og rosekvåda på kamelarne sine; det var dei på veg til Egyptarland med. 26 Då sagde Juda med brørne sine: «Kva bate hev me av det at me slær bror vår i hel og dyl dråpet? 27 Kom, og lat oss selja honom til ismaelitarne, og ikkje leggja hand på honom; han er då bror vår, vårt eige kjøt og blod!» Og brørne hans lydde honom, 28 og då kjøpmennerne - dei var frå Midjan - for framum, drog dei Josef upp or brunnen, og so selde dei Josef for tjuge sylvdalar til ismaelitarne; og dei tok Josef med seg til Egyptarland. 29 So kom Ruben attende til brunnen, men då han skulde sjå, var ikkje Josef i brunnen. Då reiv han sund klædi sine, 30 og han gjekk attende til brørne sine, og sagde: «Sveinen er der ikkje! Og eg, kvar skal eg no gjera av meg?» 31 So tok dei kjolen åt Josef, og slagta ein bukk, og duppa kjolen i blodet. 32 Og dei sende ermekjolen heim til far sin og sagde: «Denne hev me funne. Sjå etter um det ikkje er kjolen åt son din!» 33 Og han kjende honom att, og sagde: «Jau, det er kjolen åt son min. Eit udyr hev ete honom upp. Josef er ihelriven!» 34 Og Jakob reiv sund klædi sine, og sveipte ein sekk um mjødmarne, og syrgde yver son sin i lang, lang tid. 35 Og alle sønerne og døtterne hans kom og vilde trøysta honom, men han let seg ikkje trøysta; «Med sorg og sut lyt eg fara ned til son min i nåheimen!» sagde han. Og far hans gret yver honom; 36 men midjanitarne selde honom i Egyptarland, til Potifar, som var hirdmann hjå Farao og hovding yver livvakti.
Copyright information for NorSMB