Genesis 43

Og då det traut det kornet dei hadde havt heim frå Egyptarland, sagde far deira med deim: «Far i vegen att og kjøp oss noko grjon!» Då sagde Juda med honom: «Denne mannen lyste so strenge ord og sagde: «De skal ikkje koma for augo mine, utan yngste bror dykkar er med.» Vil du no lata bror vår få vera med oss, so skal me fara ned og kjøpa grjon åt deg. Men sender du honom ikkje med, so vil me ikkje fara. For mannen sagde: «De skal ikkje koma for augo mine, utan bror dykkar er med.»» Då sagde Israel: «Kvi gjorde de meg so ille imot og sagde det med mannen at de hadde endå ein bror?» Og dei svara: «Mannen spurde oss ut både um oss og ætti vår, og sagde: «Liver far dykkar endå? Hev de nokon bror?» So svara me, som han spurde til. Kor kunde då me tenkja at han skulde segja: «Kom hit med bror dykkar!»» Og Juda sagde med Israel, far sin: «Send du sveinen med meg, so vil me oss reiduge og fara, so me kann halda livet og ikkje døy burt, både me og du og småborni våre. Eg skal svara for honom. Av meg kann du krevja honom att. Kjem eg ikkje heim til deg att med honom og set honom framfyre deg, so skal eg bera skuldi for det all min dag. For hadde me ikkje drygt so lenge, so kunde me no vore heim att tvo vendor.» 10 Då sagde Israel, far deira, med deim: «Er det ikkje onnor råd, so gjer som eg segjer: Tak med dykk i sekkjerne dykkar av alt det gjævaste som finst i landet, noko balsam og noko honning, kryddor og rosekvåda, pistacie-neter og mandlar! Det skal vera ei gåva til mannen. 11 Og tak ein gong til so mange pengar med dykk! For dei pengarne som kom att og låg ovanpå i sekkjerne dykkar, fær de hava med attende; kann henda det berre var eit mistak. 12 Tak so bror dykkar med, og gjer dykk reiduge, og far attende til mannen! 13 Og Gud den Allvelduge late dykk møta godvilje hjå mannen, so han sender Benjamin og den andre bror dykkar med dykk heim att. Og eg - skal eg vera barnlaus, so fær eg vera barnlaus!» 14 So tok dei gåva, og ein gong til so mange pengar tok dei med seg, og so Benjamin. Og dei gav seg på vegen, og for ned til Egyptarland, og gjekk fram for Josef. 15 Då Josef såg at Benjamin var med deim, sagde han med den som stod fyre huset hans: «Bed desse mennerne inn, og slagta eit naut og laga det til; for dei skal eta til middags med meg.» 16 Og mannen gjorde som Josef sagde, og bad deim inn i huset åt Josef. 17 Men då dei skulde inn i huset åt Josef, vart dei rædde, og sagde: «Det er nok for dei pengarne skuld som låg att i sekkjerne våre fyrre gongen, at me skal her inn. Dei kjem til å velta seg inn på oss, og kasta seg yver oss, og taka oss til trælar, med asni våre.» 18 So gjekk dei burt til mannen som stod fyre huset hans Josef, og tala til honom i husdøri, 19 og sagde: «Høyr her, gode herre! Du veit me hev vore her ein gong fyrr og kjøpt grjon. 20 Men då me kom til kvilestaden, og løyste upp klyvjarne våre, då fann kvar sine pengar ovanpå i sekken sin; det var våre eigne pengar, med si fulle vegt, og no hev me deim med oss hit att. 21 Og andre pengar hev me og med oss, til å kjøpa grjon for. Me veit ikkje kven som hev lagt pengarne i sekkjerne våre.» 22 Då sagde han: «Ver de hugheile! Hav ingen otte på dykk! Dykkar Gud og Gud åt far dykkar hev lagt ei gåva til dykk i sekkjerne. Pengarne dykkar hev eg fenge.» So henta han Simeon ut til deim. 23 Sidan fylgde mannen deim inn i huset hans Josef, og gav deim vatn, so dei fekk två føterne sine, og gav deim for til asni. 24 So lagde dei gåvorne til reide, til Josef skulde koma heim til middags; for dei hadde høyrt at dei skulde eta der. 25 Då so Josef kom heim, bar dei inn til honom gåvorne som dei hadde med seg, og lagde seg å gruve for honom. 26 Og han spurde korleis dei livde, og sagde: «Stend det vel til med den gamle far dykkar, som de tala um? Liver han endå?» 27 «Ja,» svara dei, «det stend vel til med far vår, tenaren din. Han liver endå.» Og dei bøygde seg og kasta seg å gruve for honom. 28 Då han fekk auga på Benjamin, bror sin, son åt hans eigi mor, sagde han: «Er dette den yngste bror dykkar, som de tala til meg um? - Gud signe deg, guten min!» sagde han. 29 Og Josef skunda seg burt. For hjarta hans kløktest, då han såg bror sin, so han laut få gråta. Og han gjekk inn i koven og gret. 30 So tvo han seg i andlitet, og gjekk ut att, og han gjorde seg hard, og sagde: «Set maten fram!» 31 Då sette dei fram, for honom i ser, og for deim i ser, og for egyptarane i ser, deim som åt hjå honom; for egyptarane torer ikkje eta i lag med hebræarane; dei held det for å vare ufjelgt. 32 Dei vart sessa midt fyre honom etter alderen, frå den eldste til den yngste, og dei såg på kvarandre og undrast. 33 Og det vart sendt um til deim av dei retterne som han sjølv åt av, og Benjamin fekk fem gonger so mykje som dei andre. Og dei drakk med honom, og vart fjåge.
Copyright information for NorSMB