Genesis 5

Dette er boki um Adams-ætti: Den dagen då Gud skapte menneskjet, skapte han det i Guds likning. Til kar og kvinna skapte han deim. Og han velsigna deim, og kalla deim menneskje den dagen då dei vart skapte. Då Adam var hundrad og tretti år gamall, fekk han ein son som var so lik honom som det skulde vore hans eige bilæte, og han kalla honom Set. Og etter han hadde fenge Set, livde han endå åtte hundrad år, og fekk søner og døtter. Og alle livedagarne hans Adam vart ni hundrad og tretti år. So døydde han. Då Set var hundrad og fem år gamall, fekk han sonen Enos. Og etter han hadde fenge Enos, livde han endå åtte hundrad og sju år, og fekk søner og døtter. Og alle dagarne hans Set vart ni hundrad og tolv år. So døydde han. Då Enos var nitti år gamall, fekk han sonen Kenan. 10 Og etter han hadde fenge Kenan, livde han endå åtte hundrad og femtan år, og fekk søner og døtter. 11 Og alle dagarne hans Enos vart ni hundrad og fem år. So døydde han. 12 Då Kenan var sytti år gamall, fekk han sonen Mahalalel. 13 Og etter han hadde fenge Mahalalel, livde han endå åtte hundrad og fyrti år, og fekk søner og døtter. 14 Og alle dagarne hans Kenan vart ni hundrad og ti år. So døydde han. 15 Då Mahalalel var fem og seksti år gamall, fekk han sonen Jared. 16 Og etter han hadde fenge Jared, livde han endå åtte hundrad og tretti år, og fekk søner og døtter. 17 Og alle dagarne hans Mahalalel vart åtte hundrad og fem og nitti år. So døydde han. 18 Då Jared var hundrad og tvo og seksti år gamall, fekk han sonen Enok. 19 Og etter han hadde fenge Enok, livde han endå åtte hundrad år, og fekk søner og døtter. 20 Og alle dagarne hans Jared vart ni hundrad og tvo og seksti år. So døydde han. 21 Då Enok var fem og seksti år gamall, fekk han sonen Metusalah. 22 Og etter han hadde fenge Metusalah, gjekk han på Guds veg i tri hundrad år, og han fekk søner og døtter. 23 Og alle dagarne hans Enok vart tri hundrad og fem og seksti år. 24 Enok gjekk på Guds veg, og brått vart han burte; for Gud tok honom til seg. 25 Då Metusalah var hundrad og sju og åtteti år gamall, fekk han sonen Lamek. 26 Og etter han hadde fenge Lamek, livde han endå sju hundrad og tvo og åtteti år, og fekk søner og døtter. 27 Og alle dagarne hans Metusalah vart ni hundrad og ni og seksti år. So døydde han. 28 Då Lamek var hundrad og tvo og åtteti år gamall, fekk han ein son, 29 og kalla honom Noah, og sagde: «Han skal hugga oss i arbeidet vårt, og i alt vårt slit og slæp på den jordi som Herren hev forbanna.» 30 Og etter han hadde fenge Noah, livde han endå fem hundrad og fem og nitti år, og fekk søner og døtter. 31 Og alle dagarne hans Lamek vart sju hundrad og sju og sytti år. So døydde han. 32 Då Noah hadde fyllt fem hundrad år, fekk han sønerne Sem og Kham og Jafet.
Copyright information for NorSMB