Genesis 6

Og det hende, då manneætti tok til å aukast på jordi, og dei fekk døtter, då såg gudssønerne at mannedøtterne var væne, og tok til konor deim som dei kåra seg. Då sagde Herren: «Ikkje skal min ande bu æveleg i mannen, for di um dei hev forset seg. Han er kjøt, og dagarne hans skal vera hundrad og tjuge år.» I den tidi var det risar på jordi, og seinare og, av di gudssønerne jamleg gav seg i lag med mannedøtterne, og fekk søner med deim; det var kjemporne, dei namngjetne, som var til fyrr i verdi. Og Herren såg at vondskapen var stor hjå manneætti på jordi, og at alt dei tenkte og emna på i hjarto sine, det var berre vondt all dagen. Då angra Herren at han hadde skapt mannen på jordi, og han var full av sorg i hjarta. Og Herren sagde: «Eg vil tyna menneskja som eg hev skapt, og rydja henne ut av jordi, både menneskje og dyr og krek og fuglarne i lufti; for eg angrar at eg hev skapt deim.» Men Noah fann nåde hjå Herren. Dette er soga um Noah og ætti hans: Noah var ein rettvis og ulastande mann millom sine samtidingar; Noah gjekk på Guds veg. 10 Og Noah fekk tri søner, Sem og Kham og Jafet. 11 Men jordi vart verre og verre i Guds augo, og jordi vart full av urett. 12 Og Gud skoda jordi, og sjå: ho var utskjemd; for alt kjøt hadde skjemt seg ut med si åtferd på jordi. 13 Då sagde Gud til Noah: «Eg hev sett meg fyre at eg vil gjera ende på alt kjøt. For dei hev fyllt upp jordi med urett. Og no vil eg øydeleggja både deim og jordi. 14 Gjer deg ei ark av gofertre. Med kovar og kot skal du innreida arki, og bræda henne med bik både innan og utan. 15 Soleis skal du gjera henne: Tri hundrad alner lang skal arki vera, og femti alner breid, og tretti alner høg. 16 Øvst på arki skal du gjera ein glugg, som når ei aln ned på veggen. Og døri skal du setja på den eine sida. Du skal gjera arki trihøg, med mange rom i kvar høgd. 17 Og eg vil lata storflodi koma med vatn yver jordi, og tyna alt kjøt under himmelen som det er livsande i. Alt som er på jordi, skal døy. 18 Men med deg vil eg gjera ei pakt, og du skal ganga inn i arki, du og sønerne dine og kona di og konorne åt sønerne dine med deg. 19 Og av alt som liver, alt kjøt, skal du taka tvo av kvart slag med inn i arki, so du held deim i live med deg. Han og ho skal dei vera. 20 Av alle slag fuglar og av alle slag dyr og av alt kreket på marki skal par og par koma inn til deg, so dei kann halda liv i seg. 21 Og du skal sanka av all den mat som etande er, og samla det til deg: for deg og for deim skal det vera til føda.» 22 Og Noah gjorde so; han gjorde i alle måtar so som Gud sagde honom fyre.
Copyright information for NorSMB