Genesis 7

So sagde Herren til Noah: «Gakk inn i arki, du og heile ditt hus! For deg hev eg røynt for ein rettvis millom deim som no liver. Av alle reine dyr skal du taka deg ut sju par, han og ho, og av dei dyri som ikkje er reine, eitt par, han og ho; like eins av fuglarne i lufti sju par, han og ho, so elde kann haldast i live utyver all jordi. For um sju dagar vil eg lata det regna på jordi i fyrti jamdøger, og rydja ut av verdi kvart liv eg hev skapt.» Og Noah gjorde i alle måtar so som Herren sagde honom fyre. Noah var seks hundrad år gamall, då storflodi kom med vatn yver jordi. Då gjekk Noah og sønerne hans og kona hans og konorne åt sønerne hans med honom inn i arki, og berga seg for flaumen. Og av dei reine dyri, og av dei dyri som ikkje er reine, og av fuglarne, og av alt det som krelar på marki, kom par og par, han og ho, inn i arki til Noah, so som Gud hadde sagt Noah fyre. 10 Og det hende, då dei sju dagarne var lidne, då kom vatnet fløymande yver jordi. 11 Den syttande dagen i den andre månaden i det året då Noah fyllte seks hundrad år, den dagen brast alle brunnar i stordjupet, og himmellukorne let seg upp. 12 Og regnet fossa ned på jordi i fyrti dagar og fyrti næter. 13 Denne same dagen gjekk Noah, og Sem og Kham og Jafet, sønerne hans Noah, og kona hans Noah, og dei tri sonekonorne hans med deim inn i arki, 14 dei og alle villdyr, kvart etter sitt slag, og alt bufe, kvart etter sitt slag, og alt krek som krelar på jordi, kvart etter sitt slag, og alle fuglar, kvar etter sitt slag: alt som kvitrar, alt som hev vengjor. 15 Og dei kom inn i arki til Noah, tvo og tvo av alt kjøt som det er livsande i. 16 Og dei som kom inn, var han og ho av alt kjøt, so som Gud hadde sagt honom fyre. Og Herren let att etter honom. 17 So kom flodi veltande yver jordi i fyrti dagar, og vatnet auka, og lyfte arki, so ho flaut upp ifrå jordi. 18 Og vatnet voks og auka uhorveleg utyver jordi, og arki dreiv burtyver vatnet. 19 Og vatnet steig høgre og høgre yver jordi, so alle dei høge fjelli under heile himmelen vart gøymde. 20 Femtan alner yver jordi steig vatnet, og fjelli vart gøymde. 21 Då døydde alt kjøt som røyvde seg på jordi, både fuglar og bufe og villdyr og alt det som urde og krydde på jordi, og alt folket. 22 Alt som hadde livsandedrag i si nos, alt som var på det turre landet, laut døy. 23 So rudde han ut kvart liv som på jordi fanst, både folk og fe og krek og fuglarne i lufti. Dei vart utrudde av verdi, og att vart berre Noah og det som var med honom i arki. 24 Og vatnet flødde yver jordi i hundrad og femti dagar.
Copyright information for NorSMB