Genesis 8

Då kom Gud i hug Noah og alle villdyri og alt bufeet som var med honom i arki, og Gud let ein vind fara yver jordi, og vatnet fall. Og brunnarne i djupet og lukorne på himmelen stengdest, og regnet frå himmelen stogga. Og vatnet drog seg etter kvart attende frå jordi, og vatnet minka, då hundrad og femti dagar var lidne. Og den syttande dagen i den sjuande månaden tok arki grunn og stana på Araratfjelli. Og vatnet minka meir og meir, alt til den tiande månaden: Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltindarne seg. Og det hende, då fyrti dagar var lidne, at Noah let upp vindauga på arki, som han hadde gjort, og slepte ut ein ramn, og den flaug til og frå, til vatnet hadde torna burt av jordi. So sende han ei duva ut ifrå seg, og vilde sjå um vatnet hadde sige undan frå marki. Men duva fann ingen kvilestad for foten sin, og kom attende til honom i arki; for det stod vatn yver all jordi. Då rette han ut handi, og tok henne, og hadde henne inn til seg i arki. 10 So bia han endå sju dagar, og sende so duva ut att or arki. 11 Og då det leid til kvelds, kom duva heim til honom, og sjå: då hadde ho eit grønt oljetrelauv i nebben. Då skyna Noah at vatnet hadde sige undan frå jordi. 12 Men han drygde endå sju dagar til. So let han ut duva, og då kom ho ikkje att til honom meir. 13 Og det bar so til, at den fyrste dagen i den fyrste månaden i det seks hundrad og fyrste året, då hadde vatnet torna burt av jordi. Og Noah tok taket av arki, og såg utyver, og sjå, marki var turr. 14 Og den sju og tjugande dagen i den andre månaden var jordi heiltupp turr. 15 Då tala Gud til Noah og sagde: 16 «Gakk ut or arki, du og kona di og sønerne dine og konorne åt sønerne dine med deg! 17 Og alle dei dyr som er hjå deg, alt kjøt, både fuglarne og feet og alt kreket som krelar på jordi, skal du hava med deg ut, og dei skal yrja på jordi, og alast og aukast utyver jordi.» 18 So gjekk Noah ut, og sønerne hans og kona hans og konorne åt sønerne hans med honom. 19 Og alle dyri og alt kreket og alle fuglarne, alt som røyver seg på jordi, gjekk ut or arki, kvart etter sitt slag. 20 Og Noah bygde Herren eit altar, og tok utav alt det reine feet og utav alle dei reine fuglarne, og ofra brennoffer på altaret. 21 Og Herren kjende den gode gimen, og Herren sagde i sitt hjarta: «Eg vil aldri meir forbanna jordi for menneskja skuld; for mannehjarta emnar berre på vondt, alt ifrå ungdomen. Og eg vil aldri meir drepa alt liv, so som eg no gjorde. 22 Heretter skal sånad og skurd, og kulde og hite, og sumar og vinter, og dag og natt aldri trjota, so lenge som jordi stend.»
Copyright information for NorSMB