Habakkuk 3

Ei bøn av profeten Habakuk. Etter Sjigjonot. Herre, eg hev høyrt tidendi um deg, eg er forfærd. Herre, ditt verk - kveik det upp att i desse åri! Kunngjer det i desse åri! Midt i harm kom miskunn i hug! Gud kjem frå Teman, og den Heilage frå Paranfjellet. Sela. Hans herlegdom tekkjer himmelen, og jordi er full av hans pris. Det vert ein glans som av soli, geislar gjeng frå hans sida; der løyner seg hans magt. Fyre honom gjeng sott, og sykja fylgjer hans fotfar. Han stoggar, og jordi ristar, han ser, og folki skjelv; dei gamle fjelli sprekk, og ævordoms-haugarne sig i hop. Han fer på vegar frå fordom. Kusans tjeldbuder ser eg i vande, tjeldi i Midjanslandet skjelv. Logar din harm mot elvar, Herre? Din vreide mot elvarne? Harmast du på havet, sidan du ferast med hestarne dine, med sigervognerne dine? Berr, ja berr er bogen din. Svorne er refsingsris i ordet. Sela. Til elvar kløyver du jordi. 10 Fjelli ser deg og skjelv, støyteregn sturtar ned, djupet dyn og styn, det lyfter henderne mot høgheim. 11 Sol og måne gjeng inn i sitt hus for skinet frå dine farande piler, for glansen av ditt ljonande spjot. 12 I harm skrid du fram yver jordi, i vreide trøder du folk under fot. 13 Du dreg ut til frelsa for folket ditt, til frelsa for honom som du salva. Du krasar hovudet på huset åt den gudlause, du gjer grunnen berr alt til halsen. Sela. 14 Med hans eigne spjot sting du gjenom hovudet på hovdingarne hans som stormar fram, vil spreida meg, som gleder seg som det galdt i løynd å eta ein arming upp. 15 Du fer yver havet med hestarne dine, det velduge brusande vatnet. 16 Eg hev høyrt det, og hjarta skalv. Ved ljoden bivrar lipporne mine, beini morknar i meg, og eg skjelv der eg stend. For eg lyt tolug bia på trengsledagen, til han dreg upp som trengjer folket. 17 For fiketreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt, olje-avlen mislukkast. Og markene ber ikkje mat; sauerne kverv or kvii, og det finst ikkje fe i fjøset. 18 Men eg vil frygda meg i Herren, vil gleda meg i Gud som frelser meg. 19 Herren, Herren er min styrke, han gjev meg føter som ei hind og let meg skrida yver mine haugar. Til songmeisteren, med min strengleik.
Copyright information for NorSMB