Hosea 10

Eit rikt vintre er Israel og ber frukt. Men di meir frukt han fekk, di meir auka han talet altari sine. Di betre det gjekk for landet hans, di betre gjorde han minnesteinarne. Hjarto deira var falske, no skal dei få bøta. Han skal brjota ned altari deira og slå sund deira minnesteinar. Ja, no skal dei segja: «Ingen konge hev me, for me hev ikkje ottast Herren. Og kongen, kva kann vel han gjera for oss?» Tala tome ord, sverja falskt, gjera semja! Og domen renn upp som beiskt ugras på åkerforerne. For kalven i Bet-Aven er Samaria-buarne ottefulle. Ja, folket hans syrgjer yver honom, og prestarne hans skjelv for honom, for herlegdomen hans, av di han er førd burt ifrå honom. Han sjølv skal førast til Assur, ei gåva til kong Jareb. Skam skal Efraim henta seg, skjemmast skal Israel for rådgjerdi si. Ute er det med Samaria-kongen, som ei treflis på vatnet rek han av. Øydast skal Avens offerhaugar, Israels synd. Torn og tistel skal renna upp på altari deira. Og dei skal segja til fjelli: «Gøym oss!» og til haugarne: «Velt dykk yver oss!» Radt ifrå Gibea-dagarne hev du synda, Israel! Der hev du stade. Skulde han ikkje nå deim i Gibea, krigen mot nidingarne? 10 Når eg hev hug til det, tuktar eg deim. Og folki samlar seg imot deim og bind deim fast til tvifalds-syndi deira. 11 Og Efraim er ei tamd kviga som likar å treskja. Og eg hev spart den fagre halsen hennar. No vil eg leggja oket på Efraim. Juda skal pløgja, Jakob skal horva. 12 Så åt dykk som rettferd krev, hausta etter kjærleiks lov! Brjot dykk nybrot! For det er tid til å søkja Herren, so han kann koma og lata rettferd regna yver dykk. 13 De hev pløgt gudløysa, rettløysa hev de hausta. De hev ete lygjefrukt, med di du hev sett lit til vegen din, til mengdi av kjemporne dine. 14 Med det reiser seg ein stridsdun millom fylki dine, og alle borgfesti dine skal falla, liksom Bet-Arbel vart lagt i øyde av Salman den stridsdagen då dei krasa både mor og barn. 15 Slikt skal Betel føra yver dykk for dykkar store vondskap. Når morgonen rodar, er det ute, ute med Israels-kongen.
Copyright information for NorSMB