Hosea 11

Då Israel var ung, hadde eg honom kjær, og ut or Egyptarland kalla eg son min. Di meir dei kalla på deim, di meir gjekk dei burt ifrå deim. Åt Ba’alarne ofrer dei, åt bilæti brenner dei røykjelse. Og det var då eg som lærde Efraim å ganga, tok deim på armarne mine. Og ikkje skyna dei at eg lækte deim. Med menneskjesnorer drog eg deim, med kjærleiksband. Og eg var deim som dei som lettar oket yver kjakarne deira, og eg bøygde meg ned til honom og let honom få mat. Han skal ikkje fara attende til Egyptarland; men Assur, han skal vera kongen hans, for dei vilde ikkje venda um. Og sverd skal rasa i byarne hans og brjota bommarne hans og eta ikring seg - for deira uråder skuld. Og folket mitt er huga på fråfall frå meg. Og um ein kallar deim til det høge, so er det ingen som lettar på seg. Korleis skal eg nenna gjeva deg upp, Efraim? Korleis skal eg lata deg fara, Israel? Kann eg nenna gjeva deg upp som Adma, gjera med deg som med Sebojim? Hjarta mitt vrid seg i meg, all mi vårkunn vaknar. Eg vil ikkje lata deg kjenna min brennande harm. Ikkje vil eg atter tyna Efraim. For Gud er eg og ikkje eit menneskje. Heilag er eg midt i deg, og med vreide vil eg ikkje koma. 10 Etter Herren skal dei då fylgja, som ei løva skal han bura. Ja, han skal bura, og bivrande skal born koma frå havet. 11 Bivrande skal dei koma som fuglar frå Egyptarland og som duvor frå Assurs land. Og eg vil lata deim bu i husi sine, segjer Herren.
Copyright information for NorSMB