Hosea 12

Efraim hev ringa meg inn med lygn, og Israels hus med svik. Og Juda er alljamt agelaus imot Gud, mot den Heilage, den Trufaste. Efraim stundar etter vind, og jagtar etter austanver. All dagen aukar det på med lygn og vald. Samband med Assur gjer dei, og olje fører dei til Egyptarland. Men Herren fører sak med Juda, og vil heimsøkja Jakob for åtferdi hans, betala honom etter gjerningarne hans. I morslivet heldt han bror sin i hælen, og i si manndomskraft drogst han med Gud. Ja, han drogst med engelen og vann, han gret og bad honom um nåde. I Betel fann han honom, og der tala han med oss. Og Herren, allhers Gud - «Herren» er hans ærenamn. Og du, til din Gud skal du venda um. Hald fast på kjærleik og rett! Og bia stødt på din Gud! Kana’an, i handi hans er falsk vegt. Å gjera urett likar han. So segjer og Efraim: «Eg hev då vorte rik, eg hev vunne meg midel. Kva eg so strævar med, so skal dei då ikkje finna hjå meg nokon urett som er synd.» 10 Men eg er Herren din Gud, alt ifrå Egyptarland, eg vil endå lata deg bu i tjeldbuder liksom i høgtidsdagarne. 11 Og eg hev tala til profetarne, og eg, syner i mengd hev late deim sjå, og gjenom profetarne hev eg tala i liknader. 12 Er no Gilead eit illgjerdsreir, so skal dei verta berre fåfengd. Ofrar dei uksar i Gilgal, so skal og altari deira verta som steinrøysar innmed forerne på marki. 13 Og Jakob rømde til Aramsletta, og Israel træla for ei kona - og for ei kona gjætte han. 14 Men ved ein profet førde Herren Israel frå Egyptarland, og ved ein profet gjætte han honom. Sår harm hev Efraim valde. Difor skal Herren hans lata blodskuldi hans koma yver honom, og han skal venda hans skjemdarferd mot honom sjølv.
Copyright information for NorSMB