Hosea 13

Når Efraim tala, vart dei fælne. Høg var han i Israel. Men han vart saka med Ba’al og døydde. Og no held dei på med si synd. Og dei gjer seg støypte bilæte av sylvet sitt, avgudar etter sitt eige vit, handverksarbeid alt saman. Til slike talar dei. Menneskjeslagtarar kysser kalvar. Difor skal dei verta som morgonskyi, som doggi som tidleg kverv, liksom agner som vinden fyk burt ifrå treskjarstaden, og liksom røyk or ein ljore. Men eg er Herren, din Gud, alt frå Egyptarland. Nokon annan Gud enn meg veit du ikkje av. Og nokon annan frelsar enn eg finst ikkje. Det var eg som kjendest ved deg i øydemarki, i det turre landet. Etter som beitet deira var, vart dei mette. Då dei var mette, vart dei høge i sin hug. Difor gløymde dei meg. Då vart eg deim liksom ei løva. Som ein pantar lurer eg innmed vegen. Eg kjem yver deim som ei binna som dei hev teke ungarne ifrå, og riv sund bringa deira. Eg gløypar deim som ei løvemor. Villdyr skal slita deim sund. Du hev tynt deg, Israel, med di du er imot meg, di hjelp. 10 Kvar er no kongen din, at han kann syta for frelsing åt deg i alle byarne dine? Og kvar hev du domarane dine, som du sagde um: «Lat meg få konge og hovdingar?» 11 Ja, ein konge skal eg gjeva deg i min vreide, og so tek eg honom burt i min harm. 12 Samanbundi er misgjerningi hans Efraim, og syndi hans gøymd. 13 Rider som hjå ei fødande kvinna skal koma yver honom. Han er ein son som ikkje er vis. For når stundi er der, kjem han ikkje fram i fødsli. 14 Or helheims vald vil eg fria deim, frå dauden vil eg løysa deim ut. Kvar er di sott, du daude? Kvar er di tyning, du helheim? Anger er løynd for augo mine. 15 For han, millom brørne sine stend han lavande av frukt; det kjem ein austanvind, eit Herrens ver, farande upp ifrå øydemarki. Då turkar brunnen hans upp, og kjelda hans tryt. Han ranar skatten, alle slag kostnadting.
Copyright information for NorSMB