Hosea 2

Seg då til brørne dykkar: «Ammi»! og til systerne dykkar: «Ru-hama»! Skjem på mor dykkar, skjem! For ho er ikkje kona mi, og eg er ikkje mannen hennar. Lat henne få burt horebragderne or andlitet sitt og lauslynde-merket frå barmen sin! Elles skal eg klæda av henne, so ho ligg naki: Eg skal te henne fram som den dagen ho vart fødd. Eg skal gjera henne lik ei øydemark og ei turr-audn, og lata henne døy av torste. Og borni hennar, ikkje vil eg miskunna deim; for horeborn er dei. For mor deira var ei horkvinna, ho som fekk deim, for skamleg åt, med di ho sagde: «Eg vil fara etter elskarane mine. For dei gjev meg maten min og drykken min, ulli mi og linet mitt, oljen min og vinen min.» Sjå, difor stengjer vil eg stengja vegen din med tornar. Ja, ein mur skal eg setja upp framfyre henne, so ho ikkje skal finna stigarne sine. Når ho då renner etter elskarane sine, skal ho ikkje nå i deim, når ho leitar etter deim, skal ho ikkje finna deim. Då skal ho segja: «Eg vil attende til den fyrste mannen min. For betre hadde eg det då enn no.» Og ho, ikkje skyna ho at det var eg som gav henne kornet og druvesafti og oljen, og som var storgjæv imot henne med sylv og med gull, som dei nytta ut for Ba’al. Difor skal eg taka att kornet mitt når korntidi kjem, og druvesafti mi i rette stundi, og taka burt ulli mi og linet mitt, det som ho skulde løyna blygsli si med. 10 Ja, no skal eg nækja blygsli hennar beint for augo på elskarane hennar, og ingen skal berga henne or mi hand. 11 Og eg skal gjera ende på all kjæta hennar, på gildi hennar, nymånarne og kviledagarne og alle høgtiderne hennar. 12 Eg skal øyda vintrei og fiketrei hennar, som ho sagde um: «Dei er meg ei løn som elskarane mine gav meg.» Og eg skal gjera deim til villkjør som villdyri skal eta av. 13 Soleis skal eg refsa henne for Ba’als-dagarne hennar, då ho brende røykjelse for deim og prydde seg med nasering og bringespenne og for etter elskarane sine, men gløymde meg, segjer Herren. 14 Difor skal de vita at eg vil lokka henne burt og leida henne ut i villmarki, so eg kan få tala hjarteord med henne. 15 So vil eg derifrå gjeva henne att vinhagarne hennar, og gjera Akordalen til eit vonarled. Der skal ho syngja som i ungdomsdagarne sine, og som då ho for upp frå Egyptarlandet. 16 Og den dagen, segjer Herren, kjem det til å verta so at du ropar til meg: «Mannen min!» Og du skal ikkje meir ropa til meg: «Ba’al min!» 17 Ja, Ba’als-namni vil eg taka reint ut or munnen hennar, so dei aldri skal nemnast meir. 18 Den dagen gjer eg for deim ei pakt med dyri på marki, med fuglarne under himmelen og med kreket på jordi. Og boge og sverd og krig bryt eg sund. Eg skal få det reint ut or landet, og lata deim bu trygt. 19 Og eg vil trulova meg med deg til æveleg tid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren. 21 Og den dagen kjem det til å verta so at eg bønhøyrer, segjer Herren, eg bønhøyrer himmelen, og han bønhøyrer jordi. 22 Og jordi skal bønhøyra kornet og druvesafti og oljen, og dei skal bønhøyra Jizre’el. 23 Og plantar meg henne i landet og miskunnar Lo-Ruhama, og eg segjer til Lo-Ammi: «Folket mitt er du!» og ho, ho skal segja: «Min Gud!»
Copyright information for NorSMB