Hosea 5

Høyr dette, de prestar, og gjev gaum, du Israels hus, og du kongehus, legg øyra til! For dykk gjeld domen. For det hev vore ei snara åt Mispa, og eit utspila net på Tabor. Med ei offerslagting hev dei sokke berre djupare ned i villa. Men eg skal verta eit tukteris åt deim alle i hop. Eg kjenner Efraim, og Israel er ikkje løynt burt ifrå meg. For du Efraim hev drive hor, og Israel hev sulka seg til. Gjerningarne deira let deim ikkje få venda um til deira Gud, av di dei hev ei hordoms ånd i bringa si, og Herren, honom kjenner dei ikkje. Men Israels storlæte vitnar imot honom, og Israel og Efraim skal stupa for si misgjerning. Juda skal og falla med deim. Um dei fer av stad med sitt småfe og sitt storfe og skal søkja Herren, so finn dei honom ikkje. Han hev drege seg ifrå deim. Mot Herren hev dei vore utrue. For dei hev født born som ikkje er hans. Difor skal no ein nymåne eta deim upp med alt det dei eig. Blås i lur i Gibea, i trompet i Rama! Blås alarm i Bet-Aven! Etter deg, Benjamin! Efraim skal øydast på refsingsdagen. Mot Israelsfylki varslar eg det visse. 10 Juda hovdingar hev vorte liksom dei som flyt deilder. Yver deim skal eg ausa ut vreiden min som vatn. 11 Efraim vert nedkua, retten hans rana. For han hev teke på med å fara etter menneskjebod. 12 Og eg - som mol er eg no for Efraim og som beinåt for Judas hus. 13 Og Efraim hev gått sjukdomen sin og Juda såret sitt. Difor hev Efraim fare til Assur og sendt bod til kong Jareb. Men han kann ikkje gjera dykk gode att, og såret dykkar vert ikkje lækt. 14 For eg, som ei løva er eg mot Efraim og som ei ungløva mot Juda hus. Og eg, ja eg riv sund og fer min veg med det, og ikkje finst den som kann berga. 15 Eg gjeng min veg attende til min stad, til dess dei hev lide det dei hev fortent, og so fer til å søkja mi åsyn. I si naud skal dei leita etter meg.
Copyright information for NorSMB