Hosea 7

Når eg vil lækja Israel, då kjem misgjerningi åt Efraim og vondskapen åt Samaria til synes. For dei driv med fals, og tjuv bryt seg inn, og rekarfant plundrar på vegarne. Og dei segjer ikkje med seg sjølve seg at eg minnast all deira vondskap. No er dei ringa inne av sine eigne gjerningar, dei er komne framfyre mi åsyn. Med vondskapen sin fegnar dei kongen, og hovdingarne med lygnerne sine. Alle i hop er dei horkarar. Dei likjest ein omn som bakaren hitar upp. Han held upp med eldingi frå di han knodar deigen til dess ho er syrt. På dagen åt kongen vår drikk hovdingarne seg sjuke på heit vin. Sjølv tek han spottarar i handi. Når dei med meinråderne sine hev elda hugen sin som ein omn, søv bakaren deira heile natti. Um morgonen brenn han som logande eld. Alle i hop er dei heite som ein omn og brenner upp domarane sine. Alle kongarne deira fell, og det er ingen av deim som kallar på meg. Efraim, med folki mengjer han seg. Efraim hev vorte som ei kaka som ikkje er vend. Framande hev tært upp krafti hans, og han skyner inkje. Um håret hans hev vorte gråsprengt, so skynar han inkje. 10 Men Israels ovmod vitnar imot honom midt uppi syni. Dei vender ikkje um til Herren, sin Gud, og ikkje søkjer dei honom, tråss i alt dette. 11 Efraim hev vorte som ei fåvis duva som inkje veit. Egyptarland ropar dei på, til Assur fer dei. 12 Men best som dei fer av stad, breider eg netet mitt utyver deim og dreg deim ned, liksom ein gjer med fuglarne i lufti. Eg skal tukta deim, som lyden deira alt hev høyrt. 13 Usæle dei, at dei flaug ifrå meg! Øyding yver deim, av di dei hev svike meg! Og eg, utløysa deim vilde eg. Men dei, ljugartale hev dei fare med imot meg. 14 Og ikkje ropar dei til meg av hjarta; dei berre jamrar seg på sengjerne sine. For korn og druvesaft samlar dei seg, medan dei vender seg frå meg. 15 Det var eg som lærde deim upp, og som styrkte armarne deira. Men imot meg hev dei ilt i hugen. 16 Dei vender um, men ikkje uppetter. Dei er liksom ein sviksam boge. Falla for sverd skal hovdingarne deira for si hatige tunga skuld. For det vert dei hædde i Egyptarlandet.
Copyright information for NorSMB