Hosea 8

Til munnen din med luren! Som ein ørn yver Herrens hus! av di dei hev brote mi pakt og falle frå mi lov. Dei ropar til meg: «Min Gud! Me, Israel, kjenner deg!» Men av di Israel hev støytt frå seg det som godt er, skal fienden elta honom. Dei, kongar valde seg som ikkje var ifrå meg. Hovdingar tok dei seg, og eg fekk ikkje vita um det. Av sylvet sitt og gullet sitt gjorde dei seg gudebilæte, so dei skulde verta utrudde. Ufyseleg er kalven din, Samaria! Harmen min logar imot deim. Kor lenge skal det vara at dei ikkje kann tola reinleik? For frå Israel er kalven komen. Ein meister hev laga honom, og nokon gud er han ikkje. Difor skal Samariakalven smuldrast i smått. For vind sår dei, og storm skal dei hausta. Avling skal dei ikkje få, grøda skal ikkje gjeva føda, og um ho det gjer, skal framande eta det upp. Gløypt vert Israel. Millom folki er dei alt som ein verdlaus ting. For dei hev fare upp til Assur liksom eit villasen som gjeng sin eigen veg. Efraim tingar um elsk. 10 Men kor so dei tingar millom folki, so skal no eg like vel klemba deim i hop og lata deim få ei låk tid under storkongens trælking. 11 Av di Efraim hev gjort seg so mange altar til synd, so skal og altari hans verta honom til synd. 12 Um eg skriv lover åt han i titusundtal, so reknar han deim berre som framande lover. 13 Til slagtoffergåvor åt meg ofrar dei kjøt som dei et - Herren hev ikkje hugnad i deim. No kjem han i hug misgjerningarne deira og heimsøkjer deira synder. Dei skal fara attende til Egyptarland. 14 Og etter di Israel hev gløymt skaparen sin og bygt seg borgar, og Juda hev sett seg upp mange borgfaste byar, so skal eg senda eld mot byarne hans, og han skal øyda borgerne hans.
Copyright information for NorSMB