Hosea 9

Gled deg ikkje, Israel, med fagnad liksom folki, av di du hev drive på med hor og dermed kome burt ifrå din Gud, du som hev havt din hugnad i skjøkjeløn på alle korn-treskjarstader. Treskjestaden og vinpersa skal ikkje kunna næra deim, og druvesafti skal mislukkast for deim. Ikkje skal dei få bu i Herrens land. Men Efraim skal attende til Egyptarland, og i Assur skal dei eta det som ureint er. Dei skal ikkje renna ut vin til drykkoffer for Herren, og ikkje skal slagtofferi deira vera hugsame for honom; som syrgjebrød for deim. Alle som et av det, skal verta ureine. For brødet sitt hev dei berre for seg sjølve, det kjem ikkje i Herrens hus. Kva skal de so gjera på helgedagen, på Herrens høgtidsdag? For de skal vita at um dei slepp undan avøydingi, so vert det Egyptarlandet som samlar deim, Mof som fær å jorda deim. Sylvet deira, det dyre, skal netlor eiga, tistel veksa i tjeldbuderne deira. Dei kjem, heimsøkjingsdagarne, dei kjem, attergjeldsdagarne. Det fær nok Israel vita. Ein dåre er profeten, vitlaus er åndsmannen, for di store misgjerning skuld, og for din sterke fiendskap. Ein lurar er Efraim imot min Gud. Profeten - fuglefangarsnara på alle hans vegar, fiendskap i gudshuset hans! Djupt i used hev dei sokke som i Gibea-dagarne. Men han hugsar misgjerningi deira, han heimsøkjer deira synder. 10 Liksom druvor i villmarki fann eg Israel. Som frumsefrukt på fiketre i den fyrste bering såg eg federne dykkar. Men dei kom til Ba’al-Peor, og vigde seg til skjemdarguden, og dei vart til styggedom liksom han som dei elska. 11 Efraim - som ein fugl skal herlegdomen hans fljuga burt. Ingen skal få born meir, ingen vera med barn, og ingen verta umhender. 12 For um dei el upp borni sine, so gjer eg deim barnlause, so det ikkje finst menneskje att. Ja, usæle er og dei sjølve når eg gjeng ifrå deim! 13 Efraim, som eg ser honom alt burt til Tyrus, er planta på ein eng. Men Efraim skal verta nøydd til å føra borni sine ut til rettarmannen. 14 Gjev deim, Herre! Kva skal du gjeva deim? Gjev deim moderfang som føder i utid, og brjost som turkast upp. 15 All deira vondskap er samla i Gilgal. Ja, der fekk eg hat til deim. For deira vonde åtferd skuld vil eg driva deim ut or mitt hus. Ikkje skal eg elska deim lenger. Alle deira førarar er upprørarar. 16 Stungen er Efraim, roti deira turka, frukt skal dei ikkje bera. Og um dei fær born, drep eg den dyre livsfrukti deira. 17 Min Gud skal støyta deim burt; for ikkje lydde deim på honom, og dei skal flakka heimlause ikring millom folki.
Copyright information for NorSMB