Isaiah 1

Dette er dei syner som Jesaja, son åt Amos, fekk um Juda og Jerusalem i dei dagarne då Uzzia, Jotam, Ahaz og Hizkia var kongar i Juda. Høyr, de himlar, og lyd etter, du jord! for Herren talar: Eg hev fostra born og født deim upp, men dei hev falle frå meg. Ein ukse kjenner eigarmannen sin, og eit asen krubba åt herren sin; men Israel kjenner inkje, mitt folk sansar inkje! Usæl er den synduge slegti, det skuldtyngde folket, eit ætt av illgjerdsmenner, rangsnudde born! Dei hev vraka Herren, vanvyrdt den Heilage og vendt honom ryggen. Tolar de meir tukt, sidan de held ved med fråfall? Hovudet er som eit einaste sår, og hjarta er gjenomsjukt. Frå hovud til fot finst det ikkje noko heilt, berre flengjor, flerror og nyhogne sår, som korkje er reinsa eller umbundne eller mykte med olje. Ei øydemark er landet dykkar, brandtufter byarne dykkar, årsgrøda et framande upp framfor augo på dykk; alt vert lagt i øyde, soleis som berre framandfolk kann herja. Berre dotteri Sion er att, liksom ei hytta i ein vinhage, eit natteskjol på ei agurkmark, som ein kringsett by. Hadde ikkje Herren, allhers drott, unnt oss ein liten leivning, då hadde me vorte som Sodoma, me hadde set ut som Gomorra! 10 Høyr Herrens ord, de Sodoma-fyrstar, lyd etter vår Guds lov, du Gomorra-folk! 11 Kva skal eg med alle slagtofferi dykkar? segjer Herren. Eg leidest ved brennoffer av verar og ved feitt av gjødkalvar; og blod av uksar og lamb og bukkar hugar meg ikkje. 12 Når de kjem og vil visa dykk for mi åsyn - kven hev kravt slikt av dykk, at de skal trakka ned mine fyregardar? 13 Ber ikkje fram fleire falske grjonoffer; angen av deim styggjest eg ved. Nymåne og kviledag og tillyst møte, høgtidsferd og fanteferd hand i hand - eg toler det ikkje! 14 Dykkar nymånar og høgtider hatar mi sjæl, dei hev vorte meg ei byrd, som eg ikkje orkar bera. 15 Kor mykje de retter ut henderne dykkar, so let eg att augo, og kor mykje de bed, so høyrer eg ikkje; for henderne dykkar er fulle av blod! 16 Tvætta dykk, reinsa dykk! Slutta med dykkar vonde åtferd for augo mine, haldt upp med å gjera det som vondt er! 17 Lær å gjera godt, legg vinn på det som rett er, vis valdsmannen på betre vegar, hjelp den farlause til retten sin, før saki åt enkja! 18 Kom og lat oss føra sak med einannan, segjer Herren. Um synderne dykkar er som purpur, so skal dei verta kvite som snø. Um dei er raude som skarlak, so skal dei verta som ull. 19 Berre de er viljuge og lyder, so skal de få njota det gode i landet. 20 Men er de motviljuge og tråssuge, so skal sverdet øyda dykk ut. For Herrens munn hev tala! 21 Kor ho hev vorte ei skjøkja, den trufaste borgi! Fyrr full av rett, rettferd budde derinne, og no - mordarar. 22 Sylvet ditt hev vorte til slagg, med vatn er vinen din blanda. 23 Dine styresmenner er upprørsmenner, dei held lag med tjuvar. Alle so elskar dei mutor og jagar etter vinning. Den farlause hjelper dei ikkje til retten sin, og saki åt enkja kjem ikkje deim ved. 24 Difor segjer Herren, Herren, allhers drott, Israels Velduge: Ja, eg vil sløkkja harmen min på mine uvener, og taka hemn yver fiendarne mine. 25 Og eg vil retta mi hand imot deg og reinsa ut ditt slagg som med lut, og skilja ut alt ditt bly. 26 Og atter vil eg gjeva deg slike domarar som du hadde fyrr, og slike rådsmenner som du ein gong åtte. Og då skal du heita «rettferdsby», «den trufaste borgi». 27 Ved rett skal Sion verta utløyst og ved rettferd dei som umvender seg der. 28 Men undergang skal råka alle illgjerdsmenner og syndarar; og dei som vender seg frå Herren, skal ganga til grunnar. 29 Ja, de skal få skam av dei eiker som var dykkar hugnad; og de skal blygjast av dei hagar som var dykkar lyst. 30 For de skal verta som ei eik med visnande lauv og som ein hage utan vatn. 31 Og den sterke skal verta til stry og hans verk til ein gneiste, og dei brenn båe til saman, og ingen sløkkjer.
Copyright information for NorSMB