Isaiah 12

På den dagen skal du segja: «Eg takkar deg, Herre, for du var vreid på meg, men vreiden din kvarv, og du trøysta meg! Sjå, Gud er mi frelsa, eg er trygg og ottast ikkje; for Herren, Herren er min styrke og min lovsong, og han vart meg til frelsa.» Og med fagnad skal de ausa vatn or frelse-kjeldorne! Og de skal segja på den dagen: «Takka Herren, kalla på hans namn, kunngjer bland folki hans verk, fortel at hans namn er høgt! Syng lov for Herren, for storverk hev han gjort! Lat heile verdi få vita det! Ropa av frygd og fagnad, de som bur på Sion! For stor er Israels Heilage hjå dykk!»
Copyright information for NorSMB