Isaiah 17

Framsegn um Damaskus. Damaskus skal ikkje lenger vera ein by, det skal verta ein grushaug. Aroer-byarne skal verta folketome; hjorder skal få deim til heim, dei skal liggja der, og ingen skræmer deim. Og det skal vera slutt med borgi i Efraim og med kongedømet i Damaskus, med leivningen av Syria. Det skal ganga med deim som med herlegdomen åt Israels-borni, segjer Herren, allhers drott. På den tid vert Jakobs herlegdom vesall, og holdet hans minkar burt. Det skal ganga honom liksom når skurdmannen grip i åkeren og armen hans skjer aksi. Det skal ganga liksom når dei sankar aks i Refa’imsdalen. Berre ein etterhaust skal verta att, liksom når ein slær ned ber av oljetreet, tvo, tri ber uppi toppen, ei fire, fem på greinerne åt frukttreet, segjer Herren, Israels Gud. På den tid skal mannen venda seg til skaparen sin og augo hans sjå upp til Israels Heilage. Og han skal ikkje lenger venda si syn til dei altar hans hender hev gjort, og ikkje sjå på det fingrarne hans hev verka, korkje på Astarte-bilæti eller solstolparne. På den tidi skal dei faste byarne deira verta liksom dei aude tufter i skogarne og på høgderne, dei som dei drog burt ifrå for Israels-borni skuld, og landet skal verta ei øydemark. 10 For du hev gløymt Gud, frelsaren din, og minnest ikkje ditt sterke fjell. Difor plantar du yndelege hagar og set utlendske vintre i deim. 11 Den dagen du plantar, set du gjerde kringum, og um morgonen fær du plantningen til å bløma: avlen kverv på dagen med sjukdom og ulækjeleg pinsla. 12 Høyr brusen av mange folk! det bruser som havet bruser. Høyr dynen av folkeslag, det dyn som velduge vatn. 13 Ja, det dyn av folkeslag som når store vatn dynja. Men han trugar deim, og dei flyr langt burt; dei vert føykte som agner for vind på fjelli, dei kverv som fjom i storm. 14 Um kvelden, sjå då er det rædsla, og innan morgonen lyser, er han ikkje meir til. Soleis gjeng det deim som plundrar oss, dette er luten åt deim som ranar hjå oss.
Copyright information for NorSMB