Isaiah 18

Høyr, du land med dei surrande vengjer, du land burtanfor elvarne i Ætiopia, du som hev sendt bodberarar yver havet, og i røyrbåtar yver vatnet! Gakk av stad, de snøgge sendemenner, til det røslege folket med glansande hud, til folket som dei ottast vida ikring, det sterke og sigersæle folket i det landet som vert gjenomskore av elvar! Alle de som i heimsringen byggjer og på jordi bur: Når dei reiser merke på fjelli, so sjå til, og når luren ljomar, so høyr etter! For so hev Herren sagt til meg: Logn vil eg skoda ned frå min bustad, liksom soli gløder ned um sumaren, og liksom skyi sender dogg i den heite skurdtidi. For fyrr hausten er inne, just då blømingi er til ende, og blomen fer til å mognast til druva, då skal han skjera av rankorne med hagesigden og hogga renningarne burt. Dei skal alle saman verta gjevne åt rovfuglarne på fjelli og åt dyri i marki; rovfuglarne skal der hava reiri sine um sumaren, og alle dyr på marki skal hava sitt tilhald der um vinteren. På den tidi skal det berast gåvor fram til Herren, allhers drott, frå det røslege folket med glansande hud, frå folket som dei ottast vida ikring, det sterke og sigersæle folket i det landet som vert gjenomskore av elvar - til den staden der namnet åt Herren, allhers drott, bur, til Sionsfjellet.
Copyright information for NorSMB