Isaiah 19

Framsegn um Egyptarland. Sjå, Herren fer fram på lette sky og kjem til Egyptarland. Då skjelv avgudarne i Egyptarland for honom, og hjarta åt egyptarane brånar i brjostet deira. Og eg vil eggja upp egyptar mot egyptar, so bror skal strida mot bror, og ven mot ven, by mot by og rike mot rike. Og vitet åt egyptarane skal kverva or hjarta deira, og eg vil gjera deira råd til inkjes; dei skal fretta ut avgudarne og trollmennerne sine, og deim som manar fram draugar og spåvette. Men eg skal gjeva egyptarane i handi på ein hard herre, og ein illrådig konge skal rikja yver deim, segjer Herren, Allhers-Herren. Og vatnet i sjøen skal kverva, og elvi grunnast og turkast ut. Elvarne skal tevja, kanalarne minka og turkast ut, røyr og sev visna. Engjarne frammed Nilen på åbakken og alt åkerland langs åi skal turkast upp, øydast og kverva. Fiskarane klagar, og alle dei som kastar krok i Nilen syrgjer, og dei som set ut garn i vatnet, stend handfalne av sut. Dei som yrkjer med hekla lin, vert til skammar, og dei som vev fint kvitt ty. 10 Landsens grunnpilarar er nedbrotne, og lønnsarbeidarane gripne av otte. 11 Hovdingarne i Soan er som fåmar; dei visaste millom rådsmennerne åt Farao gjev berre fåvise råd. Korleis kann de då segja til Farao: «Eg er ein son åt vismenner, ein son åt kongarne frå gamle dagar?» 12 Ja, kvar er då vismennerne dine, at dei kann vitra deg um og skyna kva Herren, allhers drott, hev etla seg til å gjera med Egyptarland? 13 Nei, hovdingarne i Soan hev vorte dårar, fyrstarne i Nof hev vorte til narr, dei som var hyrnesteinar for ætterne i Egyptarland, hev ført det på villstig. 14 Herren hev gjeve deim ei svimrings-ånd, so at dei hev ført Egyptarland vilt i alle tiltak, liksom ein drukken mann ragar um i spyet sitt. 15 Egyptarland skal ikkje hava framgang med noko av sine tiltak, anten det so er hovud eller hale, palmegrein eller sev som tek seg det fyre. 16 På den tidi skal Egyptarland vera som kvinnor; det skal bivra og ræddast for den lyfte handi åt Herren, allhers drott, som han lyftar imot det. 17 Og Judalandet vert ei rædsla for egyptarane; so ofte nokon nemner det for deim, skal dei skjelva for den rådgjerd Herren, allhers drott, hev tek imot deim. 18 På den dagen skal det vera fem byar i Egyptarland som talar Kana’ans tungemål og sver ved Herren, allhers drott, ein av deim skal heita Ir-Haheres. 19 På den dagen skal det vera eit altar for Herren midt i Egyptarlandet, og ein merkestein for Herren ved landskilet. 20 Det skal vera til merke og til vitnemål i Egyptarlandet um Herren, allhers drott; når dei ropar til Herren um hjelp mot trælkarar, skal han senda deim ein frelsar og verjar og løysa deim ut. 21 Og Herren skal gjera seg kjend for Egyptarland, og egyptarane skal kjenna Herren på den dagen, og dei skal tena honom med slagtoffer og grjonoffer, og gjera lovnader til Herren og halda deim. 22 So skal då Herren skal slå Egyptarland, slå, men og lækja; og når dei vender um til Herren, skal han bønhøyra deim og lækja deim. 23 På den dagen skal det vera ein brøytt veg frå Egyptarland til Assyria, og assyrarane skal koma til Egyptarland og egyptarane til Assyria, og egyptarane skal tena Herren saman med assyrarane. 24 På den dagen skal Israel vera tridjemann i sambandet med Egyptarland og Assyria, ei velsigning midt på jordi, 25 for di Herren, allhers drott, signar deim og segjer: Signa vere du Egypt, mitt folk, og du Assyria, verket av mine hender, og du Israel, min arv.
Copyright information for NorSMB