Isaiah 2

Det ordet som Jesaja, son åt Amos, såg um Juda og Jerusalem: Og det skal verta soleis i dei siste dagar, at det fjellet der Herrens hus stend, skal vera grunnfest på toppen av fjelli, og høgt yver haugarne, og alle folki skal strøyma burt til det. Og mange folk skal bu seg til ferd og segja: «Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, at han må læra oss um sine vegar, so at me kann ganga på hans stigar!» For lovlæra skal ganga ut frå Sion, og Herrens ord frå Jerusalem. Og han skal døma imillom folki og skipa rett åt mange folkeslag. Då skal dei smida plogjarn av sverdi sine, og hagesigdar av spjoti sine. Folk skal ikkje lenger lyfta sverd mot folk, og ikkje lenger temja seg upp til krigsferd. Jakobs ætt, kom, lat oss ferdast i Herrens ljos! Du hev støytt frå deg folket ditt Jakobs ætt, for di dei er fulle av trolldom frå Austerland og driv med spådomskunster som filistarane, og gjer samband med framande folk. Landet deira er fullt av sylv og gull, og eignaluterne tryt ikkje. Landet deira er fullt av hestar, og vognerne deira er uteljande. Landet deira er fullt av avgudar, dei fell på kne for verk av sine eigne hender, for det som deira eigne fingrar hev gjort. Difor vert menneskja bøygd og mannen mykt, du kann ikkje tilgjeva deim. 10 Fly inn i fjellet, gøym deg i jordi for Herrens rædsla, for hans høgvelde og herlegdom! 11 Menneskja skal slå ned sine stolte augo, og mannsens stormod skal bøygjast, og einast Herren standa høg på den dagen. 12 For ein dag hev Herren, allhers drott, sett, som skal koma yver alt det kaute og keike, og yver alt det som ris i veret, so det skal verta lite og lågt. 13 Yver alle cedrar på Libanon, dei høge og stolte, og yver alle Basaneikerne, 14 yver alle høge fjell og stolte høgder, 15 yver alle høge tårn og alle faste murar, 16 yver alle Tarsis-skip og yver alt som er fagert å skoda. 17 Då skal ovmodet i menneskja knekkjast og mannsens stormod bøygjast, og einast Herren skal standa høg på den dagen. 18 Med avgudarne er det ute for ollo. 19 Og folk skal fly inn i hellerar og jordholor for Herrens rædsla og for hans høgvelde og herlegdom, når han reiser seg og skræmer jordi. 20 På den dag skal menneskja kasta for moldvarpar og skinnvengjor avgudarne sine av sylv og gull, som dei hev gjort seg til å falla på kne for. 21 Og dei skal fly inn i fjellskortor og skard for Herrens rædsla og for hans høgvelde og herlegdom, når han reiser seg og skræmer jordi. 22 So set ikkje lenger dykkar lit til menneskja, som berre eig ein liten livspust i nosi si! Kva er ho å bry seg um?
Copyright information for NorSMB