Isaiah 25

Herre, du er min Gud; eg vill upphøgja deg, eg vil prisa namnet ditt. For du hev gjort underverk. Dine råd frå forntidi er sanne og trufaste. For du hev gjort ein by til ei steinrøys, ein fast by til ein grusdunge, framande slott, so dei ikkje meir er ein by. Aldri meir skal dei verta uppbygde. Difor skal eit vilt folk æra deg, den illharde heidningbyen ottast deg. For du hev vore ei vern for vesalmannen, ei vern for fatigmannen i naud, eit skjol mot skolregn, ein skugge for hiten. For valdsmenns frøsing er som skolregn mot veggen. Og som hiten i ovturken, soleis døyver du bråket åt dei framande; ja, liksom hiten i skuggen av ei sky, soleis døyver du songen av valdsmenner. Og Herren, allhers drott, skal på dette fjellet bu til eit gjestebod for alle folk, eit gjestebod med feite retter, eit gjestebod med gamall vin, med feite mergfulle retter, med gamall avklåra vin. Og han skal på dette fjellet riva sund sløret som sveiper seg ikring alle folki, og det sveipet som ligg yver heidningfolki. Han skal gjera dauden til inkjes for all æva, og Herren, Herren skal turka tårorne av alle andlit, og sitt folks vanæra skal han taka burt frå all jordi. For Herren hev tala. Og den dagen skal dei segja: «Sjå der er vår Gud! Me vona på honom, at han skulde frelsa, dette er Herren som me vona på. Lat oss frygda oss og fegnast i frelsa hans. 10 For handi åt Herren skal kvila yver dette fjellet. Moab skal verta nedtrakka der han er, liksom halm vert trakka ned i mykjavatn. 11 Og han skal breida ut henderne i det liksom ein symjar breider deim ut og vil symja. Men han skal stagga storlætet hans til tråss for sløgdi av hans hender. 12 Og dei høgmura borgerne dine skal han riva ned, grunnsturta, jamna med jordi so dei ligg i dusti.»
Copyright information for NorSMB