Isaiah 28

Usæl den stolte kruna åt dei drukne i Efraim og den folnande blomen, den fagre prydnad som brikjer yver den feite dalen, der dei ligg dauddrukne av vin. Sjå, ein sterk og veldug sender Herren, lik ein hagleling, ein øydande storm, lik eit fløde av velduge, yverfløymande vatn, som slær alt til jordi med magt. Med føter skal ho verta nedtrakka, den stolte kruna åt dei drukne i Efraim! Og den folnande blomen, den fagre prydnaden, som brikjer yver den feite dalen, skal verta som den tidlege fika, fyrr sumaren er komen - so snart ein ser henne, so set ein henne til livs medan ein endå held henne i handi. På den dagen vert Herren, allhers drott, ei fager krune og ein storgild krans for leivningen av sitt folk, og ei doms ande for deim som sit til doms, og styrke for deim som driv krigen attende til porten. Men ogso desse ragar av vin og skjanglar av sterk drykk. Prest og profet ragar av sterk drykk, er dauddrukne av vin, skjanglar av sterk drykk. Dei ragar i syni, dei skjanglar i domen; for alle bordi er fulle av ufyselegt spy, det finst ikkje ein rein flekk. «Kven er det han vil læra, og kven er det han vil få til å høyra på seg? Er det born som nett er avvande, tekne frå brjostet? 10 For gnag og gnag, gnag og gnag, gnål og gnål, gnål og gnål, noko her og noko der fer han med.» 11 Ja vel, med stamande lippor og i eit framandt tungemål skal han tala til dette folket, 12 han som sagde til deim: «Dette er ro, lat den trøytte få kvila, og dette er kvila.» Men dei vilde ’kje høyra. 13 So skal då Herrens ord verta deim gnag og gnag, gnag og gnag, gnål og gnål, gnål og gnål, noko her, noko der, so dei skal ganga og detta baklenges og verta sundbrotne og bundne og fanga. 14 Difor, høyr Herrens ord, de spottarar, de herrar yver dette folket som er i Jerusalem! 15 For de segjer: «Me hev gjort ein avtale med dauden og eit samband med helheimen; når den susande svipa fer fram, skal ho ikkje nå oss; for me hev gjort lygni til livd og svikråd til skjol.» 16 Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg er den som hev grunna i Sion ein stein, ein prøvd stein, ein dyrverdig fast grunna hyrnestein; den som trur, tek det med ro. 17 Eg gjer rett til mælesnor og rettferd til lodd, og hagl skal riva burt lygnlivdi, og skylet skal vatnet skylja burt. 18 Og dykkar avtale med dauden skal verta stroken, og dykkar samband med helheimen skal ikkje standa fast. Når den susande svipa fer fram, skal de verta nedslegne. 19 Kvar gong ho fer fram, skal ho riva dykk burt. For kvar morgon skal ho fara fram, um dagen og um natti, og den reine skræma vert det når de lyt agta på bodskapen. 20 For sengi er for stutt til å strekkja seg i, og åklædet er for smalt til å sveipa seg i. 21 For Herren skal reisa seg liksom ved fjellet Perasim, han skal harmast liksom i dalen ved Gibeon; han skal gjera sitt verk, eit underlegt verk, han skal gjera sitt arbeid, eit sjeldsynt arbeid. 22 Og no, lat vera med å spotta, so bandi dykkar ikkje må verta stramare! For um øyding og fastsett straffedom hev eg høyrt frå Herren, Allhers-Herren, yver heile jordi. 23 Vend øyra til og høyr mi røyst, gjev gaum og høyr kva eg segjer! 24 Når plogmannen vil så, held han då stødt på med å pløgja og fora og horva? 25 Når han hev jamna åkeren, spreier han ikkje då svartkarve og sår kryddekarve og set kveite i rader og bygg på avmerkte stader og spelt i kantarne? 26 Hans Gud hev synt honom den rette måten, han lærde honom det. 27 For ein treskjer ikkje svartkarve med treskjeslede, rullar ikkje vognhjul yver kryddekarve; men med stav bankar ein svartkarve, og kryddekarve med kjepp. 28 Vert brødkorn krasa? Nei, ein treskjer det ikkje stødt, og når ein driv sine vogn og hestar yver det, so knusar ein det ikkje. 29 Ogso dette kjem frå Herren, allhers drott. Han er underfull i råd, stor i visdom.
Copyright information for NorSMB