Isaiah 29

Usæl, Ariel, Ariel, du by der David slo læger! Legg år til år, lat høgtiderne ganga sin rundgang! Då vil eg gjera det trongt for Ariel, og der skal vera sorg og jammer. Men då skal det verta meg eit verkelegt Ariel. Eg vil slå læger rundt ikring deg, og eg vil ringa deg inne med vaktpostar og kasta upp vollar imot deg. Då skal du tala lågmælt frå jordi, og frå moldi skal du mulla fram ordi dine, og røysti di skal høyrast frå jordi liksom frå ein som manar draugar, og frå moldi skal talen din kviskra. Men so skal mengdi av fiendarne dine verta som dumba, og mengdi av valdsmennerne som fjukande agner, og det skal henda i ein augneblink, dåtteleg. Frå Herren, allhers drott, skal heimsøkjing koma med bulder og bråk og med veldug dyn, vindkast og storm og øydande eld. Og mengdi av alle dei heidningfolki som strider mot Ariel, skal verta som ein draum, ei syn um natti, alle dei som strider mot det og borgi i det, og som trengjer seg inn på det. Og det skal ganga liksom når den svoltne drøymer og tykkjer han et, men når han vaknar, då er han tom, og liksom når den tyrste drøymer og tykkjer at han drikk, men når han vaknar, sjå, då er han magtlaus, og sjæli hans ormegtast; soleis skal det ganga alle dei mange heidningfolki som strider mot Sionsfjellet. Stir på kvarandre og vert øre! Gjer dykk blinde og vert blinde! De er drukne, men ikkje av vin; de ragar, men ikkje av sterk drykk. 10 For Herren hev rent ut yver dykk ein djup svevns ande, og han hev late att dykkar augo, profetarne, og sveipt yver dykkar hovud, sjåarane. 11 Og soleis hev syni av alt i hop vorte dykk som ordi i ei forsigla bok; rettar ein henne til ein som er lesekunnig og segjer: «Les dette!» so segjer han: «Eg kann ikkje, for ho er forsigla.» 12 Eller ein retter boki til ein som ikkje skynar skrift og segjer: «Les dette!» so segjer han: «Eg skynar ikkje skrift.» 13 Og Herren segjer: Etter di dette folket held seg nær til meg med munnen og ærar meg med lipporne sine, men held hjarta sitt langt burte frå meg, og deira otte for meg er eit menneskjebod som dei hev lært, 14 sjå, difor vil eg halda ved med å fara underleg åt med dette folket, underleg og ovunderleg, og visdomen åt deira vise skal forgangast, og vitet åt deira vituge menner skal løyna seg. 15 Usæle dei som vil løyna i dypti for Herren det som dei hev fyre seg, og som gjer i myrkret gjerningarne sine, og som segjer: «Kven ser oss, og kven kjenner oss?» 16 Å, kor bakvendt! Er pottemakaren å rekna lik med leiret hans, so det han hev gjort, kunde segja um honom som gjorde det: «Han hev ikkje gjort meg,» og det som er laga, segja um honom som laga det: «Han hev ikkje vit på det?» 17 Er det ikkje endå ei liti stund, so skal Libanon verta til ein frukthage og frukthagen verta rekna som skog? 18 Og på den dagen skal dei daude høyra ordi i boki, og ut frå dimma og myrker skal augo åt dei blinde sjå, 19 Og dei spaklyndte skal gleda seg dess meir i Herren, og dei fatigaste millom menneskjom fegnast i Israels Heilage. 20 For burte er valdsmannen, og ute er det med spottaren, og utrudde er alle som er årvake til å gjera urett, 21 dei som gjer folk til syndarar for eit ord skuld, og legg snaror for den som skipar rett på tinget, og som med uppdikt rengjer retten for den rettferdige. 22 Difor, so segjer Herren so til Jakobs hus, han som løyste ut Abraham: No skal Jakob ikkje verta til skammar, og no skal han sleppa verta bleik i andlitet sitt. 23 For når han og borni hans ser det mine hender hev gjort midt ibland deim, då skal dei helga namnet mitt, og dei skal helga Jakobs Heilage, og Israels Gud skal dei ottast. 24 Og dei som for vilt i si ånd, skal læra vit, og dei som knurrar, skal taka mot lærdom.
Copyright information for NorSMB