Isaiah 31

Usæle dei som fer ned til Egyptarland etter hjelp og stolar på hestar og lit på vogner, for di dei er so mange, og på hestfolk, for di dei er so mannsterke, men ikkje skodar etter Israels Heilage og ikkje søkjer Herren! Men han og er vis og let ulukka koma, og ordi sine tek han ikkje i seg att, men han reiser seg mot huset åt dei vonde og mot deim som er hjelp for illgjerdsmenner. Og egyptarane er menneskje og ikkje Gud, og deira hestar er kjøt og ikkje ånd, og Herren skal retta ut handi si, og hjelparen skal snåva, og den som hev fenge hjelp, falla, og dei skal alle saman ganga til grunns. For so sagde Herren til meg: Liksom ei løva og ei ungløva burar yver rovet sitt, når ein flokk hyrdingar sankar seg imot henne, og ho skræmest ikkje av skriket deira og vert ikkje rædd for ståket, soleis skal Herren, allhers drott, fara ned og strida mot Sions fjell og mot høgdi der. Liksom flaksande fuglar, soleis skal Herren, allhers drott, verja Jerusalem, verja og frelsa, ganga framum og berga. Vend um til honom som de er so djupt falne frå, de Israels-born! For på den dagen skal dei kasta frå seg kvar sine sylvgudar og gullgudar, som dykkar hender hev gjort dykk til synd. Og Assur skal falla for eit sverd som ikkje høyrer ein mann til, og eit sverd som ikkje høyrer eit menneskje til, skal øyda honom, og han skal røma for sverdet, og hans unge menner skal verta trælar. Og berget hans skal røma for rædsla, og fyrstarne hans skal skræmast burt ifrå fana si, segjer Herren, som hev elden sin i Sion og omnen sin i Jerusalem.
Copyright information for NorSMB