Isaiah 35

Øydemarki og turrlendet skal gleda seg, og den aude heidi skal fegnast og bløma som ei lilja. Ho skal bløma og fegnast, og fegnast og syngja med frygd. Herlegdomen åt Libanon hev ho fenge, Karmels og Sarons pryda; dei skal sjå Herrens herlegdom, vår Guds pryda. Styrk dei valne hender og gjer dei skjelvande kne sterke! Seg til dei urolege hjarto: «Ver frihuga, ottast ikkje! Sjå, der er dykkar Gud! Hemnen kjem, vederlag frå Gud, han kjem sjølv og frelser dykk. Då skal augo åt dei blinde verta opna, og øyro åt dei dauve verta upplatne; då skal den lame springa som ein hjort, og tunga åt den mållause jubla. For vatn bryt fram i øydemark, og bekkjer på den aude heidi, og det gloande sandhavet skal verta til ein sjø, og det tyrste landet til vatskjeldor; i bustaden åt sjakalar, der dei hadde sin kvilestad, er voksterstad for røyr og sev. Og der skal det vera braut og veg, og han skal kallast den heilage vegen. Ingen urein skal ganga på honom, men han skal vera berre for deim; ingen vegfarande, ikkje dåren eingong, skal fara vilt. Der skal det ingi løva vera, og inkje villdyr skal koma inn på honom, dei skal ikkje finnast der; men utløyste skal ferdast der. 10 Og Herrens frikjøpte skal snu heim att og koma til Sion med fagnadrop, og æveleg gleda er det yver hovudet deira; frygd og gleda skal dei nå, og sorg og sukk skal røma.»
Copyright information for NorSMB