Isaiah 4

Og på den dagen skal sju kvinnor triva i ein og same mann og segja: «Me vil sjølve både føda og klæda oss, berre me fær bera namnet ditt! Fri oss frå vanæra vår!» På den dagen skal Herrens renning vera til pryda og herlegdom, og landsens frukt gild og fager for leivningen av Israel. Og det skal vera soleis, at den som er att i Sion og etterleivd i Jerusalem, han skal kallast heilag, kvar og ein som er innskriven til liv i Jerusalem - når Herren fær tvætta av ureinskapen hjå Sions døtter og reinsa blodskuldi ut or Jerusalem med doms-ande og reinsings-ande. Og yver alt Sions-fjell og møtelydarne der skal Herren skapa ei sky og ein røyk um dagen og skinet av ein logande eld um natti; for yver all herlegdomen skal det vera ein kvelv. Og ei hytta skal vera til livd mot dagsens hite og til vern og berging mot uver og regn.
Copyright information for NorSMB