Isaiah 41

Høyr stilt på meg, de strender, lat folki få seg ny kraft! Lat deim so koma hit og tala! Til doms me fylgjast åt. Kven vekte frå auster honom som siger fylgjer for fot? Kven gjev honom folk til eiga og kongar til rådevelde? Kven gjer deira sverd til dust, deira boge til fjukande bos? Han elter deim, fer i fred ein veg som han aldri hev gjenge. Kven hev gjort og fullført dette? - Han som upphavleg kalla ætterne fram. Eg, Herren, eg er den fyrste og enn hjå dei siste med same. Strender såg det og ræddast, jordheims utbygder skalv, dei kom og stima i hop. Den eine hjelpte den andre og sa til bror sin: «Ver sterk!» Snikkaren gullsmeden mana, og platemakaren smeden; han sa um loddingi: «Ho er god!» So feste han guden med spikar so stødt. Men du, min tenar Israel, du Jakob, som eg ut hev valt, du ætt av Abraham, min ven, du som eg tok frå heimsens endar og kalla deg frå ytste utkant og sa til deg: Min tenar er du, eg hev deg valt og ei forsmått, 10 ver ikkje rædd, for eg er med deg, ver hugheil, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg, og hjelper deg, eg styd deg med mi rettferds hand. 11 Sjå, dei vert til spott og skam, dei som harmast på deg; dei vert til inkjes, gjeng til grunns, dei som trættar med deg. 12 Leitar du, finn du deim ikkje, dei som stridar mot deg; dei vert til null og ingen ting dei som krigar mot deg. 13 For eg er Herren, din Gud, som held deg i høgre handi og segjer til deg: Ver ikkje rædd! Eg hjelper deg. 14 Ver urædd, Jakob, arme krek, du vesle flokk av Israel! «Eg hjelper deg», er Herrens ord, og Israels Heilage deg løyser. 15 Eg gjer deg til ei treskjeslede, ein ny og kvass med mange tenner, so du skal treskja, krasa fjell og gjera haugar um til agner. 16 Du kastar deim, og vinden tek deim, og stormen spreidar deim ikring; men du skal frygda deg i Herren og rosa deg av Israels Heilage. 17 Dei arme fatigfolk, dei leitar fåfengt etter vatn, med tunga sårt av torste brenn; men deim vil eg bønhøyra, Herren, Israels Gud, vil ikkje svika deim. 18 På haugar let eg elvar renna, og midt i dalar ollor springa, eg heidi gjer til klåre sjø og turre landet til kjeldevang. 19 I heidi let eg cedrar veksa, akasja, myrt og oljetre, på snaudheid eg cypressa set i lag med alm og edelgran, 20 so folk kann sjå og vita vel og merka seg og skyna grant, at Herrens hand hev dette gjort, og Israels Heilage det skapt. 21 Kom hit med saki dykkar! segjer Herren, gjev dykkar grunnar! segjer Jakobs konge. 22 Lat deim då koma, melda oss kva som skal henda. So meld oss kva de fyrr hev spått, at me kann agta på det og sjå um det vert uppfyllt. Ell’ lat oss høyra kva som kjem. 23 Seg frå kva sidan koma skal, so me kann skyna de er gudar. Ja, gjer då noko godt ell’ vondt, so me kann sjå det alt med undring! 24 Men de er ingen ting, og dykkar verk er inkjevetta. Ufysleg den som vel seg dykk! 25 Frå nord eg vakte honom, og han kom frå auster han som på mitt namn skal kalla, han trakka skal på hovdingar som leir, som pottemakar som trør i leira. 26 Kven hev frå fyrst det kunngjort so me skyna det, frå fyrste stund so me kann segja: «Han fekk rett?» Nei, ingen hev det meldt, og ingen hev sagt frå, og ingen høyrde at de ymta noko. 27 Eg sagde fyrst til Sion: Sjå der er det! Og gav Jerusalem eit gledebod. 28 Eg ser meg um, men der er ingen, imillom deim kann ingen gjeva greida, so eg deim kunde spyrja, og dei svara. 29 Sjå, alle er dei ingen ting, og deira verk er inkjevetta, og deira bilæte er luft og vind.
Copyright information for NorSMB