Isaiah 45

So segjer Herren til sin salvevigde, til Kyrus som eg held i hans høgre hand, for å kasta folk til jordi for honom og løysa beltet av kongar, for å opna dører for honom, so ingen portar vert stengde: Sjølv gjeng eg fyre deg og jamnar hindringar; kopardører sprengjer eg, og jarnslåer slær eg sund. Og eg gjev deg dulde skattar og burtgøymde rikdomar, so du skal vita at det var eg, Herren, som kalla deg på namn, eg, Israels Gud. For min tenar Jakobs skuld og Israel, min utvalde, kalla eg deg med namnet ditt, gav deg tilnamn då du ikkje kjende meg. Eg er Herren, og ingen annan, utan meg finst det ingen Gud. Eg væpna deg fyrr du kjende meg, so dei skal vita frå aust til vest at det finst ingen annan enn eg. Eg er Herren, og ingen annan. Skapar åt ljoset og upphav til myrkret, skapar åt velferd og upphav til uferd; eg, Herren, gjer alt dette. Lat det drjupa, de himlar, ovanfrå, og skyerne renne med rettferd! Jordi late seg upp, so frelsa kann bløma og rettferd renna med same! Eg, Herren, skaper det. Ve den som trættar med skaparen sin! Eit skålbrot millom dei andre av jord. Kann leiret til formaren segja: «Kva gjer du?» Eller verket ditt segja: «Han hev ikkje hender?» 10 Ve den som segjer til far sin: «Kva avlar du?» Og til kvinna: «Kva føder du?» 11 So segjer Herren, Israels Heilage og skapar: Spør meg um det som kjem! Lat meg syta for mine søner, og det verk mine hender hev gjort! 12 Det var eg som gjorde jordi, og folket der hev eg skapt; mine hender spana ut himmelen, og all hans her baud eg ut. 13 Det er eg som honom hev vekt i rettferd, og alle hans vegar jamnar eg. Han skal byggja min by og senda mine landlyste heim, og det utan vederlag, utan betaling, segjer Herren, allhers drott. 14 So segjer Herren: «Rikdomen frå Egypt og vinningi frå Ætiopia, og Saba-mennerne, røslege karar, skal koma til deg og høyra til deg; dei skal fylgja deg og ganga i lekkjor; for deg skal dei kasta seg ned, til deg skal dei venda si bøn: Berre hjå deg er Gud og elles ingen, ingen Gud.» 15 I sanning, du er ein løyndomsfull Gud, du Israels Gud, du frelsar. 16 Til spott og skam vert dei alle saman, gude-makaran’ gjeng med blygsla. 17 Israel vert frelst ved Herren med æveleg frelsa, de vert ikkje til spott og skam i alle ævor. 18 For so segjer Herren, himmelskaparen, han som er Gud, han som hev gjort og laga jordi, han som hev grunnfest henne; ikkje til ei audn skapte han henne, men til folkebustad laga han henne! - Eg er Herren, og ingen annan. 19 Ikkje i løyndom hev eg tala, ein stad i myrke-land; ikkje hev eg sagt til Jakobs-ætti: Leita etter meg fåfengt! Eg, Herren, talar rettferd, forkynner det som er rett. 20 Samle dykk og kome, kome saman hit, de som er att av heidningfolki! Uvituge er dei som ber på sitt trebilæte og bed til ein gud som ikkje kann frelsa. 21 Forkynn og seg frå! Ja, lat deim berre samrådast! Kven hev kunngjort slikt frå fordom, meldt det for lenge sidan? Tru det ikkje er eg, Herren? Og utan meg er det ingen Gud. Ein rettferdig og frelsande Gud finst ikkje utanum meg. 22 Vend dykk til meg, lat dykk frelsa, alle utbygder av jordi! For eg er Gud, og ingen annan. 23 Ved meg sjølv hev eg svore, or min munn er det gjenge sanning, eit ord som eg ikkje tek i meg att: For meg skal bøygja seg kvart eit kne, til meg skal kvar ei tunge sverja. 24 Berre hjå Herren, skal dei segja um meg, er rettferd og magt. Til honom skal dei koma og skjemmast alle som harmast på honom. 25 I Herren vinn dei rettferd og rosar seg alle som er av Israels ætt.
Copyright information for NorSMB