Isaiah 48

Høyr dette, de av Jakobs hus, de som er nemnde med Israels-namnet og hev runne or Judas kjelda, de som sver ved Herrens namn og ærar Israels Gud - men ikkje med sanning og rett! For dei kallar seg etter den heilage byen og lit på Israels Gud som heiter Allhers-Herren. Dei fyrste hendingar hev eg forkynt for lenge sidan, or min munn gjekk dei ut, og eg kunngjorde deim; brått hev eg sett deim i verk, og dei kom. For eg visste at du er hard, at nakken din er som ei jarnspong og panna di som kopar. So forkynte eg deg det for lenge sidan, kunngjorde deg det fyrr det kom, so du ei skulde segja: «Bilætet mitt hev gjort det, mitt skorne eller støypte bilæt’ hev skipa det til.» Du hev høyrt det, sjå det no alt i hop! Og de, må de ikkje sanna det? Men no eg forkynner deg nytt, dulde ting som du ikkje veit um. No vert det skapt og ikkje fyrr, og du hev ’kje høyrt um det fyrr i dag, so du ikkje skulde segja: «Det visste eg!» Du hev korkje høyrt eller visst det eller fyrr fenge øyra upp for det, for eg visste at du er falsk, og «utru» du heiter frå moderliv. For mitt namn skuld døyver eg min harm, og for mi æra skuld ber eg yver med deg, so eg ikkje tynar deg reint. 10 Eg hev smelta deg - men vann ikkje sylv, eg hev prøvt deg i lidingsomnen. 11 For mi skuld, for mi skuld gjer eg det, for skulde eg tola at namnet mitt vert krenkt? Mi æra gjev eg ingen annan. 12 Høyr på meg, Jakob, og du Israel som eg hev kalla! Eg er det, eg, den fyrste, og eg er den siste med. 13 Mi hand hev og grunnfest jordi, og mi høgre hand spana himmelen ut. So snart eg kallar på deim, stend dei der båe. 14 Kom saman alle og høyr: Kven av deim hev kunngjort dette? Han som Herren elskar, skal gjera hans vilje mot Babel og vera hans arm mot kaldæarfolket. 15 Eg, eg hev tala, ja hev kalla honom, eg hev late han koma og få lukka på ferdi. 16 Kom hit til meg, høyr dette! Frå upphavet tala eg ei i løyndom. Frå den tid det kom, då var eg der. Og no hev Herren, Herren sendt meg og sin ande. 17 So segjer Herren, utløysaren din, Israels Heilage: Eg er Herren, din Gud, som lærer deg det som gagnar, som leider deg på vegen du skal fara. 18 Å, vilde du lyda på mine bod! Då vart din fred som elvi og di rettferd som havsens bylgjor. 19 Då vart di ætt som sanden og di livsfrukt som sandkorn; ættarnamnet vart aldri øydt eller utsletta for mi åsyn. 20 Drag ut or Babel, fly frå kaldæarland! Med fagnadrop forkynn og fortel det, spreid det ut til verdsens ende! Seg at Herren hev løyst ut sin tenar Jakob! 21 Dei tyrste ikkje; i øydemark førde han deim, vatn or berget let han sildra åt deim, han kløyvde berget, og vatnet renn. 22 Dei gudlause hev ingen fred, segjer Herren.
Copyright information for NorSMB