Isaiah 55

Å, alle de tyrste, kom til vatnet! Og de som ikkje hev pengar, kom, kjøp korn og et! Ja, kom og kjøp korn utan pengar, og utan betaling vin og mjølk! Kvi gjev de pengar ut for det som ikkje er brød? Og dykkar vinning for det som ikkje kann metta? Å, høyr på meg og et det som godt er, og dykkar sjæl skal njota feitemat! Vend øyra hit og kom til meg! Høyr, so skal dykkar sjæl få liva! So gjer eg med dykk ei æveleg pakt, og gjev dykk Davids usviklege nåde. Sjå, eg hev sett han til vitne for folki, til hovding og styrar for folkeslagi. Ja, du skal kalla på eit folk som du ikkje kjenner, og folk som ikkje kjenner deg, skal skunda seg til deg, for Herrens skuld, din Gud, for Israels Heilage skuld, for han hev herleggjort deg. Søk Herren medan han er å finna, kalla på honom den stund han er nær! Den gudlause vende seg frå sin veg, og den urettferdige frå sine tankar, og vende seg um til Herren, so skal han miskunna honom, og til vår Gud, for han skal rikleg forlata. For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, segjer Herren. Nei, so høg som himmelen er yver jordi, so er mine vegar høgre enn dykkar vegar og mine tankar høgre enn dykkar tankar. 10 For liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer upp att dit fyrr det hev vatna jordi og gjeve henne grokraft og grøda, ja, gjeve såkorn og brødkorn, 11 so skal det vera med ordet mitt som gjeng ut or munnen min, det skal ikkje koma att til meg tomt, men verka det som eg vil, og fullføra det som eg sende det til. 12 Ja, med gleda skal de draga ut og verta førde i fred. Fjell og haugar skal setja i med fagnadrop fyre dykk, og alle tre på marki skal klappa i hender. 13 I staden for tornar skal det veksa cypressor, i staden for tistlar veksa myrt. Dermed fær Herren eit ærenamn, eit ævemerke, som aldri vert øydt.
Copyright information for NorSMB