Isaiah 56

So segjer Herren: Tak vare på rett og gjer rettferd! For mi frelsa er alt i kjømdi, og mi rettferd skal syna seg snart. Sæl er den mann som gjerer dette, den menneskja som held fast på det, som held kviledagen utan vanhelging og varar si hand frå vonde verk. Den framande må ikkje segja, han som held seg til Herren: «Herren vil skilja meg frå sitt folk!» Og gjeldingen må ikkje segja: «Sjå, eg er eit turka tre!» For so segjer Herren: Dei gjeldingar som held mine kviledagar, som vel det som er min vilje, og som held fast på mi pakt, åt deim skal eg i mitt hus og innanfor mine murar gjeva eit namn og eit minne som er betre enn søner og døtter; eit æveleg namn gjev eg deim, eit namn som aldri øydest. Og dei framandfødde som held seg til Herren og vil tena honom og elska Herrens namn, og vil vera hans tenarar, kvar som held kviledagen utan vanhelging, og held fast på mi pakt, deim vil eg føra til mitt heilage berg og gleda deim i mitt bønehus, deira brennoffer og slagtoffer skal vera til hugnad på altaret mitt! For mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk. So segjer Herren, Herren, som samlar dei spreidde av Israel: Endå fleire samlar eg til han attåt deim som er samla. Alle villdyr i marki, kom og et, ja, alle villdyr i skogen! 10 Vaktmennerne her er alle blinde, dei skyner ingen ting. Alle er dei mållause hundar som ikkje kann gøy, dei ligg og drøymer, likar å sova; 11 dei er hækne hundar, vert aldri mette, og slike folk er hyrdingar, som ikkje veit å gjeva gaum! Dei vender seg alle sin eigen veg, kvar til si eigi vinning, alle som ein. 12 «Kom, eg skal henta vin, so vil me drikka rusdrykk; som i dag skal morgondagen vera, me skal hava det herlegt.»
Copyright information for NorSMB