Isaiah 8

Og Herren sagde til meg: «Tak deg ei stor tavla og skriv med menneskjeskrift: Brå-herfang Snøgg-ran! Og eg vil taka meg pålitande vitne: presten Uria og Zakarja Jeberekjason.» Og eg gjekk inn til profetkona, og ho vart umhender og fekk ein son. Og Herren sagde til meg: «Gjev han namnet: Brå-herfang, Snøgg-ran. For fyrr guten kann segja «far» og «mor», skal rikdomarne i Damaskus og herfanget frå Samaria berast fram for kongen i Assyria.» Og Herren tala framleides til meg og sagde: «Av di dette folket vanvyrder Siloahvatnet som renn so stilt, og hev sin hugnad i Resin og Remaljasonen, sjå, difor let Herren koma yver deim det stride og velduge vatnet frå Storelvi - assyrarkongen og all hans herlegdom - og ho skal stiga yver alle trømarne og fløyma yver alle strenderne sine. Ho skal trengja seg fram i Juda, fløda yver og breida seg og nå folk under hoka, og med sine velduge vengjer skal ho fylla ditt land, vidt og breidt, Immanuel!» Bråka berre, de folkeslag, de skal brotna. Lyd etter, alle land langt burte! Bu dykk til strid! de skal brotna. 10 Legg upp råd! ho skal verta til inkjes. Gjer avtale! han skal ikkje få framgang. For med oss er Gud. 11 For so sagde Herren til meg, då handi hans greip meg med magt, og han vara meg imot å ganga same vegen som dette folket: 12 De skal ikkje kalla samansverjing alt det som dette folket kallar samansverjing, og ikkje ottast det som det ottast, og de skal ikkje skjelva. 13 Nei, Herren, allhers drott, skal de halda heilag, honom skal de ottast, og for honom skal de skjelva. 14 Han skal verta ein heilagdom og ein støytestein og ein bergstabbe til fall for båe Israels hus, ei snare og ei gildra for Jerusalems-buarne. 15 Og mange skal snåva og falla og skamslå seg, sitja fast i fella og verta fanga. 16 Legg vitnemålet umbunde og læra forsigla i hjarta åt læresveinarne mine! 17 Eg ventar på Herren, han som løyner si åsyn for Jakobs hus; på honom vonar eg. 18 Sjå, eg og borni som Herren hev gjeve meg, me er teikn og varsel i Israel frå Herren, allhers drott, som bur på Sionsfjellet. 19 Men når dei segjer til dykk: «Søk til draugemanarar og spåvette, som kviskrar og mullar,» so svara: «Skal ikkje eit folk søkja til sin Gud? Skal dei frega ut dei daude for dei livande?» 20 «Til læra, til vitnemålet!» Segjer dei ikkje soleis, skal dei vera utan morgonrode. 21 Dei skal flakka umkring i landet plåga og hungrande, og i sin hunger skal dei harmast og banna sin konge og sin Gud. Og dei skal skoda upp, 22 og dei skal skoda ned på jordi; men sjå, der er naud og natt og myrker og angest. Ut i svarte natti er dei drivne.
Copyright information for NorSMB