Jeremiah 12

Rettferdig er du, Herre, når eg andordast med deg, endå lyt eg tala med deg um retten. Kvi gjeng det dei ugudlege vel? Kvi er dei sutlause alle dei sviksame? Du hev planta deim, dei hev røtt seg og; dei veks, dei ber frukt og; nær er du i deira munn, men langt burte frå deira nyro. Men du, Herre, kjenner meg, du ser meg og røyner mitt hjartelag mot deg; skil deim frå likeins som sauer til slagting, og vigsla deim til ein dråpsdag! Kor lenge skal landet syrgja og grøda på jordi alle stader torna burt? For deira vondskap skuld som der bur, er dyr og fuglar burtrivne; for dei segjer: «Han ser ikkje endelykti vår.» Um du vert utmødd når du løyp med gangande mann, korleis kann du då kapprenna med hestar? I eit fredt land er du trygg, men kva vil du gjera i tjukkskogen burtmed Jordan? For jamvel brørne dine og farshuset ditt, jamvel dei er utrue mot deg, jamvel dei set i illskrik attum din rygg. Tru deim ikkje, endå dei talar vænt til deg! Eg hev gjenge frå huset mitt, eg hev vanda odelen min, eg hev gjeve den som mi sjæl elska i henderne på hennar fiendar. Odelen min er vorten for meg som løva i skog: han hev sett i eit læte imot meg; difor hatar eg honom. Er odelen min som ein spreklut rovfugl? Rovfugl er det då rundt ikring honom. Gakk av stad, samla alle dyr i skogen, lat deim koma hit og eta! 10 Hyrdingar i mengd øydelegg vinhagen min, trakkar ned odelsjordi mi; dei gjer den hugnadlege odelsjordi mi til ei øgjeleg audn. 11 Til ei øydemark gjer dei henne; syrgjande og audsleg ligg ho framfyre meg. Alt landet er i øyde lagt, for ingen legg det på hjarta. 12 Yver alle snaud-heidar i øydemarki kjem herjande hopar; for Herren hev eit sverd som øyder frå eine enden av landet til hin; alt kjøt er fredlaust. 13 Dei sår kveite og haustar inn klunger; dei møder seg ut, men reint til fånyttes. So vert då til skammar med grøda dykkar for Herrens brennande vreide! 14 So segjer Herren um alle dei vonde grannarne, som rører den odelseiga som eg hev gjeve mitt folk Israel: Sjå, eg rykkjer deim upp or landet deira, og Judas hus vil eg rykkja upp undan deim. 15 Men etter eg hev rykt deim upp, vil eg atter miskunna deim og lata dei koma tilbake til kvar sin odel og kvar til kvar sitt land. 16 Um dei då lærer seg mitt folks vegar, so dei sver ved mitt namn: «So sant som Herren liver» - liksom dei lærde mitt folk å sverja ved Ba’al, då skal dei verta uppatt-bygde midt ibland mitt folk. 17 Men um dei ikkje lyder, då vil eg rykkja upp det folket, rykkja det upp og tyna det, segjer Herren.
Copyright information for NorSMB