Jeremiah 2

Og Herrens ord kom til meg; han sagde: Gakk av stad og ropa ut for Jerusalems øyro: So segjer Herren: Eg kjem deg i hug for din elskhug i din ungdom, din kjærleik i dine festarmålsdagar, kor du fylgde meg i øydemarki, i eit land der dei inkje sår. Heilagt var Israel for Herren, hans fyrstegrøda. Alle som vilde eta det, laut bøta, ulukka kom på deim, segjer Herren. Høyr Herrens ord, Jakobs hus, og alle ætter i Israels hus! So segjer Herren: Kva hev federne dykkar funne rangt hjå meg, sidan dei hadde seg undan meg og ferdast etter fåfenglege gudar og vart fåfenglege? Og dei sagde ikkje: «Kvar er Herren som førde oss ut or Egyptarlandet, som leidde oss i øydemarki, i eit land med heidar og klufter, i eit land med turk og daudeskuggar, i eit land der ingen mann hev fare, og der inkje menneskje hev butt?» Og eg let dykk koma inn i eit grøderikt land, so de fekk eta frukti og dei gode ting der. Men då de kom dit inn, sulka de landet mitt og gjorde odelen min til ein styggedom. Prestane sagde ikkje: «Kvar er Herren?» Og dei som handsama lovi, kjende meg ikkje, og hyrdingarne fall ifrå meg. Og profetarne spådde ved Ba’al, og etter gagnlause gudar gjekk dei. Difor vil eg framleides trætta med dykk, segjer Herren; og med barneborni dykkar vil eg trætta. 10 For far yver til Kittim-øyarne og sjå, og send bod til Kedar og høyr vel etter, og sjå um slikt er hendt! 11 Hev noko folk bytt burt gudar, endå dei ikkje er gudar? Men mitt folk hev bytt sin herlegdom burt i gagnløysa. 12 Vert forstøkte, de himlar, yver slikt, og tak fæla og stivna, segjer Herren. 13 For tvo illverk hev mitt folk gjort: dei vende seg frå meg, kjelda med livande vatn, og grov seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn. 14 Er Israel ein træl? Er han ein træleson? Kvi er han vorten eit herfang? 15 Ungløvor bura imot honom, let ljoma si røyst. Og dei gjorde hans land til ei audn, hans byar vart brende, ingen bur der. 16 Jamvel Nofs-sønerne og Tahpanhes hev gjort deg snaud i kruna. 17 Hev du ikkje sjølv valda deg dette, med di du vende deg frå Herren, din Gud, då han vilde leida deg på vegen? 18 Og no, kva hev du med Egyptarvegen å gjera for å drikka vatn or Sihor? Og kva hev du med Assur-vegen å gjera for å drikka vatn or Elvi? 19 Din vondskap agar deg, og dine fråfall refser deg: Kjenn då og sjå at det er vondt og beiskt at du vende deg frå Herren, din Gud, og at du ikkje hev otte for meg, segjer Herren, Allhers-Herren. 20 For alt longe sidan braut du sund ditt ok, sleit sund dine band og sagde: «Eg vil ikkje tena.» For på kvar ein høg haug og under kvart eit grønt tre lagde du deg ned og dreiv hor. 21 Og eg hadde då planta deg eit godt vintre, alt igjenom av egte sæde; kor kunde du då verta umskapt for meg til villvin av framandt slag? 22 For um du so vilde två deg i lut og bruka mykje såpa, so vilde di misgjerning endå vera urein for mi åsyn, segjer Herren, Herren. 23 Kor kann du segja: «Utsulka er eg ikkje, etter Ba’alarne hev eg ikkje gjenge?» Sjå på vegen din i dalen! Skyna kva du hev gjort, du lettføtte kamelfylja som løyp til og frå. 24 Som ei vill-asna, van med øydemarki, syp ho etter anden i si trå. Brund-giren hennar - kven kann døyva den? Dei som leitar etter henne, tarv ikkje renna seg trøytte; i hennar månad finn dei henne. 25 Vara foten din so han ikkje vert berr, og strupen din so du ikkje vert tyrst! Men du segjer: «Rådlaust! Nei, for eg elskar framande,» og etter deim vil eg ganga. 26 Liksom tjuven må skjemmast når han vert teken, soleis må Israels hus skjemmast, dei sjølve, kongarne deira, hovdingarne deira og prestarne deira og profetarne deira, 27 dei som segjer til treet: «Du er min far,» og til steinen: «Du hev født meg;» for dei hev snutt ryggen til meg og ikkje andlitet. Men når dei er i naud, då ropar dei: «Ris upp og hjelp oss!» 28 Kvar er då gudarne dine som du gjorde deg? Lat deim risa upp um dei kann hjelpa deg når du er i naud! For gudarne dine, Juda, er vortne likso mange som byarne dine. 29 Kvi trætter de med meg? Alle er de falne frå meg, segjer Herren. 30 Til fånyttes slo eg borni dykkar; age tok dei ikkje. Som ei herjande løva gløypte dykkar sverd profetarne dykkar. 31 Du ætt, gjev gaum etter Herrens ord! Hev eg vore ei øydemark for Israel eller eit stum-myrkt land? Kvi segjer då lyden min: «Me gjeng lause, me vil aldri meir koma til deg.» 32 Gløymer ei møy sin prydnad, ei brur sitt belte? Men lyden min hev gløymt meg i uteljande dagar. 33 Kor vel du veit å leggja vegen din til å leita etter elskhug! Difor vandest du og på dine vegar til det vonde. 34 Ja, på kjolesnipparne finst det blod av skuldlause armingar: ikkje kom du på deim i innbrot; men av di at alt dette er funne hjå deg. 35 Endå segjer du: «Eg er skuldlaus; visseleg hev vreiden hans vendt seg frå meg.» Sjå, eg vil ganga til doms med deg av di at du segjer: «Eg hev ikkje synda.» 36 Kvi fer du so langt burt i ei onnor leid? Med Egyptarland og skal du verta til skammar, likeins som du vart til skammar med Assyria. 37 Derifrå med skal du ganga ut med henderne yver ditt hovud. For Herren hev støytt burt deim du leit, og du fær ingi lukka med deim.
Copyright information for NorSMB