Jeremiah 23

Usæle dei hyrdingar som tyner og spreider gjætsle-hjordi mi, segjer Herren. Difor, so segjer Herren, Israels Gud, um hyrdingarne som gjæter folket mitt: De hev spreidt sauerne mine og jaga deim burt og ikkje set etter deim. Sjå, eg heimsøkjer dykk for den vonde åtferdi dykkar, segjer Herren. Men sjølv vil eg samla det som er att av sauerne mine or alle dei landi som eg hev drive deim til, og venda deim attende til si eigi beitemark, og dei skal veksa og aukast. Og eg vil setja hyrdingar yver deim, og dei skal gjæta deim. Og dei skal ikkje lenger ræddast eller taka fæla, og ingen av deim skal verta sakna, segjer Herren. Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil lata ein rettferdig renning standa fram åt David, og han skal vera konge og fara visleg åt og gjera rett og rettferd i landet. I hans dagar skal Juda verta frelst og Israel bu trygt, og dette er namnet hans, det dei kallar honom: «Herren, vår rettferd». Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då dei ikkje lenger skal segja: «So sant som Herren liver, som leidde Israels-borni ut or Egyptarlandet,» men: «So sant som Herren liver, som leidde avkjømet åt Israels hus ut og let deim koma frå Norderland og frå alle landi som eg hadde drive deim til, so dei fær bu i landet sitt.» Um profetarne. Hjarta i mitt brjost er sundkrasa, alle beini mine skjelv. Eg er lik ein drukken mann, ein mann som vinen hev magtstole, for Herren skuld, for hans heilage ord skuld. 10 For landet er fullt av horkarar - ja, under forbanning syrgjer landet, og beitelandi i øydemarki er turrbrende - og dei skundar seg til det som vondt er og er velduge i urett. 11 For både profet og prest er gudlause, jamvel i huset mitt hev eg funne vondskapen deira, segjer Herren. 12 Difor skal vegen deira verta åt deim som sleip-flekkjer i myrkret; dei skal støyta seg so dei dett på honom. For eg vil lata ulukka koma yver deim det året heimsøkjingi kjem, segjer Herren. 13 Hjå profetarne i Samaria hev eg set dårskap; dei spådde ved Ba’al og førde mitt folk Israel på villstig. 14 Men hjå profetarne i Jerusalem hev eg set gruvelege ting; dei driv hor og fer med lygn og styrkjer henderne på illgjerningsmenner, so ingen av deim vender um frå sin vondskap. Dei er alle vortne liksom Sodoma åt meg, og hine ibuarane liksom Gomorra. 15 Difor, so segjer Herren, allhers drott, um profetarne: Sjå, eg gjev deim malurt å eta og eitervatn å drikka. For ifrå profetarne i Jerusalem er gudløysa gjengi ut yver alt landet. 16 So segjer Herren, allhers drott: Lyd ikkje på ordi åt dei profetar som spår åt dykk; dei kjem berre med tomt svall åt dykk; si eigi hjartesyn taler dei, ikkje noko frå Herrens munn. 17 Jamt og samt segjer dei med deim som svivyrder meg: «Herren hev tala: Det skal ganga dykk vel.» Og med kvar og ein som ferdast etter sitt harde hjarta, segjer dei: «Nokor ulukka skal det ikkje koma yver dykk.» 18 For kven av deim hev stade i Herrens råd, so han såg og høyrde hans ord? Kven hev gjeve gaum etter mitt ord og høyrt det? 19 Sjå, ein storm frå Herren - vreide bryt fram - ein kvervelstorm; ned på hovudet åt dei ugudlege kjem han i kvervlar. 20 Herrens vreide skal ikkje halda upp fyrr enn han hev gjort og sett i verk sitt hjartans tankar; i dagarn som kjem skal de greinleg skyna det. 21 Eg sende ikkje profetarne, men dei sprang av stad; eg tala ikkje til deim, men dei spådde. 22 Og hadde dei stade i mitt råd, då vilde dei lata mitt folk høyra mine ord, og snu deim frå deira vonde veg og frå deira vonde verk. 23 Er eg ein Gud berre nær ved, segjer Herren, og ikkje ein Gud langt burte? 24 Eller kann nokon løyna seg i slike løyne, so eg ikkje kann sjå honom? segjer Herren. Fyller eg ikkje himmelen og jordi? segjer Herren. 25 Eg hev høyrt kva profetarne hev sagt, dei som spår lygn i mitt namn og segjer: «Eg drøymde, eg drøymde.» 26 Kor lenge skal dette vera so? Hev dei eitkvart på hjarta, desse profetarne som spår lygn med di dei spår sitt hjartans svik - 27 tenkjer dei kann henda å få mitt folk til å gløyma mitt namn med draumarne sine, som dei fortel kvarandre, likeins som federne deira gløymde mitt namn for Ba’al? 28 Den profet som hev ein draum, han kann fortelja ein draum, men den som hev mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning. Kva hev halmen med kornet å gjera? segjer Herren. 29 Er ikkje mitt ord som ein eld, segjer Herren, og som ein hamar som krasar berg? 30 Difor, sjå, eg skal finna profetarne, segjer Herren, dei som stel ordi mine ein frå hin. 31 Sjå, eg skal finna profetarne, segjer Herren, dei som tek sitt eige på tunga, men segjer: «So segjer Herren.» 32 Sjå, eg skal finna deim som spår lygn-draumar, segjer Herren, og fortel deim og fører mitt folk på villstig med lygnerne sine og kytet sitt, endå eg ikkje hev sendt deim eller gjeve deim noko påbod, og dei ikkje er til minste gagn for dette folket, segjer Herren. 33 Og når dette folket eller ein profet eller prest spør deg og segjer: «Kva er Herrens byrd?» då skal du segja med deim: «De er byrdi, og eg vil kasta dykk av, segjer Herren». 34 Og den profet og den prest og det folk som segjer: «Herrens byrd» - slik ein mann og hans hus vil eg heimsøkja. 35 So skal de segja kvar med sin granne og kvar med sin bror: «Kva hev Herren svara?» eller: «Kva hev Herren tala?» 36 Men «Herrens byrd» skal de ikkje nemna lenger. For åt kvar mann skal hans eige ord verta «byrdi», for di de hev rengt ordi frå den livande Gud, Herren, allhers drott, vår Gud. 37 So skal du segja med profeten: «Kva hev Herren svara deg?» eller: «Kva hev Herren tala?» 38 Men segjer de: «Herrens byrd», då segjer Herren so: Av di de segjer dette ordet: «Herrens byrd», endå at eg gjorde denne bodsendingi åt dykk: «De skal ikkje segja «Herrens byrd,»» 39 difor, sjå, so vil eg reint gløyma dykk og kasta dykk og byen som eg gav dykk og federne dykkar, burt frå mi åsyn. 40 Og eg vil leggja på dykk ei æveleg skjemd og ei æveleg skam, som aldri skal gløymast.
Copyright information for NorSMB