Jeremiah 27

I den fyrste tidi som Sidkia Josiason, Juda-kongen, styrde, kom dette ordet til Jeremia frå Herren; han sagde: So sagde Herren med meg: Gjer deg band og ok, og hav det um halsen din! Send dei so til kongen i Edom og til kongen i Moab og til kongen yver Ammons-sønerne og til kongen i Tyrus og til kongen i Sidon med dei sendemennerne som kjem til Jerusalem til Sidkia, Juda-kongen. Og bed deim segja med herrarne sine: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: So skal de segja med herrarne dykkar: Eg hev gjort jordi, menneskja og dyri på jordi med mi store magt og min strake arm, og eg gjev dette til den eg tykkjer er den rette. Og no hev eg gjeve alle desse landi i henderne på Nebukadnessar, Babel-kongen, tenaren min; jamvel dyri på marki hev eg gjeve honom, so dei kann tena honom. Og alle folki skal tena honom og sonen hans og sonesonen hans, til dess tidi for hans land og er komi; då skal velduge folk og store kongar gjera honom til træl. Og det folket og det riket som ikkje vil tena honom, Nebukadnessar, Babel-kongen, og som ikkje vil bøygja halsen sin under Babel-kongens ok, det folket vil eg heimsøkja med sverd og svolt og sott, segjer Herren, til eg hev gjort ende på deim ved hans hand. Og de no - lyd ikkje på profetarne dykkar og spåmennerne dykkar og på draumarne dykkar og på runekallarne og tauvrekallarne dykkar, som segjer med dykk: «De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!» 10 For lygn er det dei spår åt dykk, for at eg skal føra dykk langt burt frå landet dykkar og driva dykk burt, so de vert tynte. 11 Men det folket som bøygjer halsen sin under Babel-kongens ok og tener honom, det vil eg lata vera i fred i landet sitt, segjer Herren, so dei kann dyrka det og bu i det. 12 Og til Sidkia, Juda-kongen, tala eg alle desse ordi og sagde: Bøyg halsen dykkar under Babel-kongens ok, og ten honom og folket hans! då skal de få liva. 13 Kvi vil de døy, du og folket ditt, for sverd, av svolt og i sott, so som Herren hev tala um det folket som ikkje vil tena Babel-kongen? 14 Lyd ikkje på ordi åt dei profetarne som segjer med dykk: «De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!» For lygn er det dei spår åt dykk. 15 For eg hev ikkje sendt deim, segjer Herren, men dei spår lygn i mitt namn, for at eg skal driva dykk burt, so de vert tynte, de og dei profetarne som spår åt dykk. 16 Og til prestarne og heile dette folket tala eg og sagde: So segjer Herren: Lyd ikkje på ordi åt profetarne dykkar når dei spår åt dykk og segjer: «Sjå, kjeraldi or Herrens hus vert no snart flutte heim att frå Babel!» for lygn er det dei spår åt dykk. 17 Lyd ikkje på deim, men ten Babel-kongen! So skal de få liva. Kvi skal denne byen verta til ei audn? 18 Men um dei er profetar og hev Herrens ord, so kann dei beda Herren, allhers drott, at ikkje dei kjeraldi som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem, vert førde til Babel. 19 For so segjer Herren, allhers drott, um sulorne og um havet og understelli og alle hine ting som endå er att i denne byen, 20 som Nebukadnessar, Babel-kongen, ikkje tok då han førde Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, i utlægd frå Jerusalem til Babel i lag med alt storfolket i Juda og Jerusalem - 21 ja, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, um dei kjeraldi som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem: 22 Til Babel skal dei verta flutte, og der skal dei vera alt til den dagen eg ser etter deim, segjer Herren, og fører deim upp og attende til denne staden.
Copyright information for NorSMB