Jeremiah 28

So hende det same året, i den fyrste tidi Sidkia Josiason, Juda-kongen, styrde, i det fjorde året, i den femte månaden, at Hananja Azzursson, profeten frå Gibeon, sagde med meg i Herrens hus beint upp i augo på prestarne og alt folket: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Eg hev brote sund Babel-kongens ok. Um tvo år vil eg føra attende til denne staden alle dei kjeraldi som Nebukadnessar, Babel-kongen, hev teke or Herrens hus og førd frå denne staden til Babel. Og Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og alle hine burtførde frå Juda som er komne til Babel, let eg koma attende til denne staden, segjer Herren; for eg bryt sund Babel-kongens ok. Då svara profeten Jeremia profeten Hananja beint uppi augo på prestarne og alt folket som stod i Herrens hus, og profeten Jeremia sagde: «Amen! Det gjere Herren! Herren setje i verk det som du hev spått so han fører attende frå Babel til denne staden kjeraldi or Herrens hus og alle dei burtførde! Men høyr no på dette ordet som eg talar i opne øyro på deg og alt folket! Dei profetarne som hev vore fyre meg og deg frå ævordsleg tid, dei spådde mot velduge land og store rike um ufred og ulukka og sott. Den profeten som spår um fred - når ordi åt den profeten sannar seg, då er det skynande at Herren i sanning hev sendt den profeten.» 10 Då tok profeten Hananja oket av halsen på profeten Jeremia og braut det sund. 11 Og Hananja sagde beint uppi augo på alt folket: «So segjer Herren: Soleis vil eg, fyrr tvo år er lidne, brjota sund Nebukadnessars, Babel-kongens, ok av halsen på alle folki.» Då gjekk profeten Jeremia sin veg. 12 Men Herrens ord kom til Jeremia etter profeten Hananja hadde brote sund oket av halsen på profeten Jeremia; han sagde: 13 «Gakk og seg med Hananja: So segjer Herren: Eit tre-ok hev du brote sund, men att-istaden hev du laga eit jarn-ok. 14 For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Eit jarn-ok hev eg lagt på halsen åt alle desse folki, for at dei skal tena Nebukadnessar, Babel-kongen, so dei lyt tena honom; ja, jamvel dyri på marki hev eg gjeve honom.» 15 Då sagde profeten Jeremia med profeten Hananja: «Høyr, du Hananja! Herren hev ikkje sendt deg, men du hev fenge dette folket til å lita på lygn. 16 Difor, so segjer Herren so: Sjå, eg tek deg burt frå jordi; i dette året skal du døy, for du hev preika fråfall frå Herren.» 17 Og profeten Hananja døydde same året i den sjuande månaden.
Copyright information for NorSMB