Jeremiah 33

Og Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han endå sat innestengd i vaktgarden; han sagde: So segjer Herren som gjer det, Herren som emnar det til og fullfører det - Herren er namnet hans -: Ropa til meg, so skal eg svara deg og kunngjera for deg store og uskynande ting, som du ikkje hev vit på. For so segjer Herren, Israels Gud, um husi i denne byen og um husi åt Juda-kongen, som er nedrivne til motråd mot umlægringsvollarne og sverdet: Dei er komne og vil strida mot kaldæarane, men det vert til å fylla husi med liki av dei menner som eg hev slege i min vreide og harm, og som med sin store vondskap hev valda at eg hev løynt mi åsyn for denne byen. Sjå, eg vil koma med helsebot og lækjedom og lækja deim, og eg vil syna deim ei ovnøgd med fred og trygd. Og eg vil gjera ende på Judas utlægd, og Israels utlægd, og eg vil byggja deim som i fyrstningi. Og eg vil reinsa deim for all misgjerningi deira, som dei hev synda mot meg med, og eg vil tilgjeva alle misgjerningarne deira, som dei hev synda mot meg med, og som dei hev forbrote seg mot meg med. Og byen skal vera meg til eit fagnad-namn, til pris og til pryda hjå alle folk på jordi som frettar alt det gode som eg gjer deim, og dei skal skjelva og titra for alt det gode og all den freden som eg der lagar til. 10 So segjer Herren: På denne staden som de kallar «ein øydestad, utan folk og fe», i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne, som ligg i øyde utan folk og utan ibuarar og utan fe, her skal ein få høyra 11 fagnadljod og gledeljod, røyst av brudgom og røyst av brur og røysti av deim som segjer: «Prisa Herren, allhers drott, for Herren er god, for æveleg varar hans miskunn,» slike som ber fram takkoffer i Herrens hus. For eg endar utlægdi for landsens lyd, so han vert som i fyrstningi, segjer Herren. 12 So segjer Herren, allhers drott: Enn skal på denne staden, som no er aud, utan folk og fe, og i alle byarne her ikring vera hagelende for hyrdingar som der let sauerne roa seg. 13 I fjellbyarne, i flatlandsbyarne og i Sudlands-byarne og i Benjaminslandet og i umkverven kring Jerusalem og i Juda-byarne, skal sauerne enn renna framum den som tel deim, segjer Herren. 14 Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då eg vil gjera sannrøynt det gode ordet som eg hev tala um Israels hus og um Judas hus. 15 I dei dagarne og i den tidi vil eg lata ein rettferdig renning renna upp for David, og han skal gjera rett og rettferd i landet. 16 I dei dagarne skal Juda verta frelst og Jerusalem bu trygt, og dei skal kalla det soleis: «Herren er vår rettferd.» 17 For so segjer Herren: David skal ikkje vanta ein ettermann som kann sitja på kongsstolen åt Israels hus. 18 Og levitprestarne skal aldri vanta ein ettermann framfor mi åsyn som kann ofra brennoffer og grjonoffer og bera fram slagtoffer alle dagar. 19 Og Herrens ord kom til Jeremia; han sagde: 20 So segjer Herren: Kann de brjota mi pakt med dagen og mi pakt med natti, so det ikkje vert dag og natt i si rette tid, 21 då skal og mi pakt med min tenar David verta broti, so han ikkje skal hava ein son til konge på sin stol, og med levitprestarne som tener meg. 22 Liksom himmelheren ikkje let seg telja, og sanden i havet ikkje let seg mæla, soleis vil eg gjera min tenar Davids ætt til ei ovmengd, og likeins levitarne som tener meg. 23 Og Herrens ord kom til Jeremia; han sagde: 24 Hev du ikkje gjeve gaum etter kva dette folket hev tala og sagt: «Båe ættgreinerne som Herren hadde utvalt, hev han støytt frå seg?» Soleis vanvyrder dei folket mitt, som det ikkje lenger var eit folk i deira augo. 25 So segjer Herren: Hev eg ikkje gjort mi pakt med dag og natt, ikkje gjeve lover for himmel og jord, 26 då vil eg støyta frå meg ætti åt Jakob og åt min tenar David, so eg ikkje av ætti hans tek styresmenner yver ætti åt Abraham og Isak og Jakob. For eg vil enda utlægdi deira og miskunna deim.
Copyright information for NorSMB