Jeremiah 43

Men då Jeremia hadde tala til folket alle Herrens, deira Guds, ord, som Herren, deira Gud, hadde sendt honom med til deim - alle desse ordi, då sagde Azarja Hosajason og Johanan Kareahsson og alle dei ovmodige mennerne - dei sagde med Jeremia: «Det er lygn det du segjer; Herren, vår Gud, hev ikkje sendt deg og sagt: «De skal ikkje fara til Egyptarland og bu der.» Men Baruk Neriason eggjar deg upp imot oss, so me skal verta gjevne i henderne på kaldæarane, og dei skal drepa oss eller føra oss burt til Babel.» Og Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne og alt folket vilde ikkje høyra på Herrens røyst og vera i Judalandet. Men Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne tok alle som var leivde etter av Juda, som var komne tilbake frå alle folki som dei hadde vore burtdrivne til, og vilde bu i Judalandet, mennerne og kvinnorne og småborni og kongsdøtterne og kvart eit liv som Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, hadde late vera att hjå Gedalja, son åt Ahikam Safansson, so og profeten Jeremia og Baruk Neriason, og for til Egyptarland, for dei høyrde ikkje på Herrens røyst. Og dei for til Tahpanhes. Og Herrens ord kom til Jeremia i Tahpanhes; han sagde: Tak deg nokre store steinar i handi og gøym deim i leiret i tiglsteinsleggjingi som er i inngangen til Faraos hus i Tahpanhes, framfor augo på menner frå Juda. 10 Og du skal segja med deim: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg sender og hentar tenaren min Nebukadressar, Babel-kongen, og set kongsstolen hans uppå desse steinarne som eg hev gøymt, og han skal breida sitt glimande tæpe utyver deim. 11 Og han skal koma og slå Egyptarlandet; den som er etla åt dauden, lyt døy, den som er etla til fange, vert fange, og den som er etla åt sverdet, vert sverdslegen. 12 Og eg vil kveikja eld på gudehusi i Egyptarland, og han skal brenna deim upp og føra gudarne burt. Og han skal sveipa Egyptarlandet um seg, likeins som hyrdingen sveiper kappa si um seg. Og sidan skal han fara derifrå i fred. 13 Og han skal brjota sund sulorne i Bet-Semes, som er i Egyptarlandet, og gudehusi i Egyptarland skal han brenna upp med eld.
Copyright information for NorSMB