Jeremiah 45

Det ordet som profeten Jeremia tala til Baruk Neriason då han skreiv desse ordi i ei bok etter Jeremias munn i det fjorde styringsåret åt Juda-kongen Jojakim Josiason; han sagde: So segjer Herren, Israels Gud, um deg, Baruk: Du sagde: «Eie meg! For Herren hev lagt sorg til min hugverk. Eg er trøytt av sukkarne mine og finn ingi kvild.» So skal du segja med honom: So segjer Herren: Sjå, det eg hev bygt upp, det riv eg ned, og det eg hev planta, det rykkjer eg upp, og dette gjeld heile jordi. Og du, du trår etter store ting åt deg: ikkje trå etter deim! For sjå, eg let ulukka koma yver alt kjøt, segjer Herren. Men eg vil gjeva deg livet ditt til herfang på kvar den stad du ferdast.
Copyright information for NorSMB