Jeremiah 46

Herrens ord som kom til profeten Jeremia um heidningefolki. Um Egyptarland. Um heren til Farao Neko, Egyptarlands-kongen, som stod burtmed Fratelvi, attmed Karkemis, og som Nebukadressar, Babel-kongen, vann på i det fjorde styringsåret åt Jojakim Josiason, kongen i Juda. Bu til skjoldarne, dei små og dei store, og far ut i striden! Beit hestarne fyre og set dykk upp, ridarar, og fylk dykk hjelmbune! Kvet spjoti blanke, tak brynja på! Kvi ser eg slikt: hugbrotne hopar dei undan, kjemporne deira vert krasa, dei flyr og ser ikkje attende; rædsla rundt ikring, segjer Herren. Den lettføygde kann ikkje fly ifrå, og kjempa slepp ikkje undan. Der nord, attmed Fratelvi, snåvar dei og fell. Kven er det som stig upp likeins som Nilelvi med bårande vatn som i ei å? Egyptarland stig upp likeins som Nilelvi med bårande vatn som i ei å. Det segjer: «Eg vil stiga upp og breida meg utyver landi, i øyde vil eg leggja byar og dei som i deim bur. Kom uppetter, de hestar, og far rasande fram, de vogner! Kjemporne skal leggja av stad: Ætiopar og putarar som ber skjoldar, og ludarar som hev bogar å spenna. 10 For dette er ein dag åt Herren, Herren, allhers drott, ein hemndag til å hemna seg på uvenerne sine. Då skal sverdet eta og verta mett og drikka seg drukke av blodet deira. For ei offerslagting held Herren, Herren, allhers drott, i Norderlandet attmed Fratelvi. 11 Far upp til Gilead og få deg balsam, du møy, Egyptarlands dotter! Til inkjes brukar du lækjeråder i mengd; det bid ikkje plåster for deg. 12 Folkeslag frettar skammi di, og jordi er full av naudropi dine. For ei kjempa snåvar i ei onnor, dei fell båe saman.» 13 Det ordet som Herren tala til profeten Jeremia um det, at Nebukadressar, Babel-kongen, skulde koma og slå Egyptarlandet: 14 Kunngjer det i Egyptarland og lat det frettast i Migdol, og lat det frettast i Nof og Tahpanhes! Seg: «Gakk fram og bu deg til! For sverdet hev ete alt ikring deg.» 15 Kvi er din sterke støypt ned? Han kunde ikkje standa seg, for Herren støytt burti honom. 16 Han fekk mange til å snåva, so den eine dett uppå den andre, og dei sagde: «Upp og lat oss snu attende til folket vårt, og til fødelandet vårt, undan det herjande sverdet!» 17 Då ropar dei: «Farao, Egyptarlands-kongen, er berre ståket; han let den høvelege tidi fara frå seg.» 18 So sant som eg liver, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans -: Lik Tabor millom fjelli og lik Karmel burtmed havet skal han koma. 19 Få deg bunad til langferd, du busitjande Egyptarlands dotter! For Nof skal verta ei audn, so ingen kann bu der. 20 Ei ovgild kviga er Egyptarland - ein klegg kjem nordanfrå, kjem gjer han. 21 Leigde hermenner, som gjødkalvar hjå henne, dei og snur og flyr alle i hop, stanar ikkje; for ulukkedagen er komen yver deim, den tidi dei vert heimsøkte. 22 Røysti hennar er liksom av skridande ormen. For med ein her skrid dei fram, og med øksar kjem dei mot henne likeins som vedhoggarar. 23 Dei høgg ned hennar skog, segjer Herren; for han er ikkje til å finna seg fram igjenom; for dei er fleire enn engsprettor, det er ikkje tal på deim. 24 Egyptarlands dotter vert til skammar; ho vert gjevi i henderne på eit norderlendskt folk. 25 Herren, allhers drott, Israels Gud, segjer: Sjå eg heimsøkjer Amon frå No og Farao og Egyptarland og gudarne og kongarne der, både Farao og dei som lit på honom, 26 Og eg gjev deim i henderne på deim som ligg deim etter livet, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på tenarane hans. Men etter det skal landet vera byggt i fred liksom i gamle dagar, segjer Herren. 27 Men ottast ikkje, du min tenar Jakob, og ræddast ikkje, Israel! For sjå, eg frelser deg ut or burtlengste land, og avkjømet ut or utlægdi. Og Jakob skal koma tilbake og liva i ro og fred, og ingen skal skræma honom. 28 Ottast ikkje, du min tenar Jakob, segjer Herren; for eg er med deg. For eg vil gjera ende på alle dei folki som eg hev drive deg til. Men deg vil eg ikkje gjera ende på, men aga deg med måte, men reint utan refsing kann eg ikkje lata deg vera.
Copyright information for NorSMB