Jeremiah 47

Herrens ord som kom til profeten Jeremia um filistarane, fyrr Farao vann Gaza. So segjer Herren: Sjå, vatn kjem upp-strøymande nordantil og vert til ei elv som fløder yver. Og dei fløder yver land og det som i deim er, yver byar og deim som i deim bur, so folket ropar høgt, og alle som bur i landet barmar seg. Når det dyn av hovslagi av hans sterke hestar, når hans vogner skaldrar, når hans hjul skjell, då ser ikkje federne seg um etter borni, so hugstolne er dei. Det veld den dagen som kjem og tyner alle filistarane og ryd ut for Tyrus og Sidon alle undankomne som kunde hjelpa. For Herren tyner filistarane, leivningen frå Kaftorøyi. Fleinskalla er Gaza vorte, i øyde lagt er Askalon, det som er att av dalen deira; - kor lenge vil du rispa deg i holdet? Ai, ei, du Herrens sverd! Kor lenge skal du hava det so annvint? Drag deg atter inn i slira di, haldt deg i ro og ver still! Kor kunde du få kvila deg, sidan Herren hev gjeve deg påbod? Til Askalon og til Havstrandi, dit hev han etla deg.
Copyright information for NorSMB