Jeremiah 52

Eitt og tjuge år gamall var Sidkia då vart konge, og elleve år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hamital Jeremiadotter, frå Libna. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som Jojakim. Det var for Herrens harm skuld det gjekk so med Jerusalem og Juda, til dess han støytte deim burt frå si åsyn. Sidkia fall ifrå Babel-kongen. I det niande styringsåret hans, den tiande dagen i den tiande månaden, kom Nebukadressar, Babel-kongen, med heile heren sin til Jerusalem, lægra seg utanfor byen og bygde skansar rundt ikring honom. Byen vart kringsett til kong Sidkias ellevte styringsår. I den fjorde månaden, den niande dagen i månaden, røynde svolten hardt på i byen, og landsfolket hadde inkje mat. Då vart bymuren gjenombroten, og alt stridsfolket rømde og for ut or byen um natti gjenom porten i dubbelmuren ved kongshagen, medan kaldæarane låg rundt ikring byen. Dei tok leidi til Moarne. Men kaldæarheren sette etter kongen og nådde Sidkia att på Moarne ved Jeriko. Alt herfolket sprang frå honom og spreiddest. Dei fanga då kongen og førde honom upp til Babel-kongen, til Ribla i Hamatlandet, og han sagde upp domen yver honom. 10 Og Babel-kongen drap sønerne åt Sidkia medan han såg på det; sameleis drap han alle hovdingarne i Juda der i Ribla. 11 So stakk han ut augo på Sidkia, batt honom med tvo koparlekkjor og førde honom til Babel og sette honom i fangehus, der var han til sin døyande dag. 12 Og i den femte månaden, den tiande dagen i månaden, i det nittande styringsåret åt Babel-kongen Nebukadressar, kom livvakthovdingen Nebuzaradan, som stod for Babel-kongens åsyn, til Jerusalem. 13 Han brende upp Herrens hus og kongsgarden, ja, alle husi i Jerusalem og alle storfolk-hus sette han eld på. 14 Og heile kaldæarheren som var med livvakthovdingen, reiv ned alle murarne ikring Jerusalem. 15 Og sume av ålmugen og resten av folket som var att i byen, og rømingarne som hadde gjenge yver til Babel-kongen, og den flokken som var att dessforutan, førde livvakthovdingen Nebuzaradan burt. 16 Nokre av fatigfolket let livvakthovdingen Nebuzaradan vera att til å arbeida i vinhagarne og på åkrarne. 17 Koparsulorne som høyrde til Herrens hus, og fotstykki og koparhavet som var i Herrens hus, braut kaldæarane sund, og førde all koparen av deim til Babel. 18 Og dei tok oskefati og eldskuflerne og ljossakserne og blodbollarne og skålerne og alle kopargognere som dei hadde til gudstenesta. 19 Og livvakthovdingen tok fati og glodpannorne og blodbollarne og oskefati og ljosestakarne og fati og bollarne, alt som var av gull og sylv. 20 Tvo sulor og eit hav og dei tolv koparuksarne som var under fotstykki, som kong Salomo hadde laga åt Herrens hus - koparen i alle desse gognerne var ikkje vegande. 21 Um sulorne er å segja: Den eine sula var attan alner høg, og ein tråd på tolv alner gjekk ikring henne, og ho var fire fingrar tjukk og innhol. 22 Og det var eit sulehovud på henne av kopar, og det eine sulehovudet var fem alner høgt, og det var krot og granateple rundt ikring på sulehovudet, alt av kopar. Og likeins var det på den andre sula og granateple. 23 Og granatepli var seks og nitti utetter; alle granatepli på krotverket var eit hundrad rundt ikring. 24 Livvakthovdingen tok øvstepresten Seraja og den næst øvste presten Sefanja og dei tri dørstokkvaktarane, 25 og frå byen tok han ein hirdmann som var uppsynsmann yver herfolket, og sju mann som han råka på i byen av næmaste lagsfolket hjå kongen, dessutan skrivaren til herhovdingen, han som skreiv ut landsfolket til hertenesta, og seksti mann av landsfolket som han råka på i byen; 26 deim tok livvakthovdingen Nebuzaradan og førde deim til Babel-kongen i Ribla. 27 Og Babel-kongen slo deim i hel der i Ribla i Hamatlandet. Soleis vart Juda burtført frå landet sitt. 28 Dette er det folket som Nebukadressar førde burt: I det sjuande året tri tusund og tri og tjuge jødar; 29 i Nebukadressars attande år åtte hundrad og tvo og tretti sjæler frå Jerusalem; 30 i Nebukadressars tri og tjugande år førde Nebuzaradan, livvakthovdingen, burt av jødarne sju hundrad og fem og fyrti sjæler; fire tusund og seks hundrad sjæler i alt. 31 I det sju og trettiande året etter Juda-kongen Jojakin var burtførd, den fem og tjugande dagen i den tolvte månaden, gav Evil-Merodak, Babel-kongen - same året som han vart konge - Jojakin, Juda-kongen, uppreisnad og tok honom ut or fangehuset. 32 Han helsa honom venleg og gav honom fremste sessen millom dei kongarne som var hjå honom i Babel. 33 Han fekk leggja av seg fangebunaden, og gjekk kvar dag til kongens bord, so lenge han livde. 34 Kost og tæring naut han dagvisst på kongens kostnad til kvar dag det han trong for dagen, alt til sin døyande dag, heile si livetid.
Copyright information for NorSMB