Job 1

I landet Us budde det ein gong ein mann som heitte Job. Det var ein ærleg og rettvis mann som ottast Gud og heldt seg frå det som vondt var. Han fekk sju søner og tri døtter, og han åtte sju tusund sauer, tri tusund kamelar, fem hundrad par uksar og fem hundrad asnor, og dertil ei stor mengd tenarar, so han var den megtigaste av alle austerlendingarne. Sønerne hans hadde for skikk å halda gilde kvar sin dag heime hjå seg; og dei sende bod og bad dei tri systerne sine, at dei og skulde eta og drikka i lag med deim. Når so ein umgang med gjestebodsdagar var til endes, sende Job bod etter deim og helga deim tidleg um morgonen ofra han brennoffer, eitt for kvar einskild av deim. For Job tenkte: «Kanskje hev sønerne mine synda og banna Gud i hjarto sine.» Soleis gjorde Job kvar gong. Men so hende det ein dag at gudssønerne kom og stelte seg fram for Herren; og millom deim var og Satan. Herren spurde Satan: «Kvar kjem du ifrå?» «Eg hev fare og svive ikring på jordi,» svara Satan. Då spurde Herren Satan: «Hev du gjeve ans på Job, tenaren min? For liken hans finst ikkje på jordi, slik ein ærleg og rettvis mann som han er, og so som han ottast Gud og held seg frå det som vondt er.» Men Satan svara Herren: «Skal tru Job ottast Gud for ingen ting? 10 Du hev då verna um honom og huset hans og alt han eig! Alt hans yrke hev du signa, og buskaparne hans hev breider seg ut i landet. 11 Men rett ut handi di og rør ved alt det han eig - då skal han so visst banna deg upp i andlitet!» 12 Då sagde Herren til Satan: «Alt det han eig, er i di magt; men honom sjølv må du ikkje leggja hand på.» So gjekk Satan burt frå Herren. 13 Ein dag sønerne og døtterne hans heldt måltid og drakk vin i huset hjå den eldste broren, 14 kom det ein til Job og sagde: «Medan uksarne gjekk for plogen og asnorne beitte ved sida av, 15 so kom sabæarane og tok deim og hogg ned drengjerne med sverd; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg.» 16 Medan han tala, kom ein annan og sagde: «Guds eld slo ned frå himmelen millom småfeet og hyrdingarne og brende deim upp; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg. 17 Medan han tala, kom den tridje og sagde: «Kaldæarane kom i tri fylkingar og kasta seg yver kamelarne og rana deim; sveinarne hogg dei ned med sverd; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg.» 18 Medan han tala, kom den fjorde og sagde: Medan sønerne og døtterne dine åt og drakk heime hjå den eldste broren; 19 so kom det ein sterk storm burtanfrå øydemarki og tok fat i alle fire hyrno på huset, so det seig i hop yver ungdomarne og slo deim i hel; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg.» 20 Då stod Job upp og reiv kappa si sund og klypte håret av hovudet og kasta seg å gruve og tilbad 21 og sagde: «Naken kom eg or moderliv; naken fer eg attende. Herren gav, og Herren tok; Herrens namn vere lova!» 22 Tråss i alt dette synda ikkje Job, og klaga ikkje på Gud.
Copyright information for NorSMB