Job 10

Mi sjæl er leid av livet mitt, eg gjev mi klaga lause taumar, vil tala i min såre hugverk. Til Gud eg segjer: «Døm meg ikkje; seg kvifor du imot meg strider! Finn du det godt å gjera vald, og øyda upp ditt eige verk, men lysa yver gudlaust råd? Er auga ditt av kjøt og blod? Ser du som menneskje plar sjå? Er dine dagar mennesk-dagar? Er dine år lik mannsens år? Med di mitt brot du leitar upp, og granskar etter syndi mi, endå du veit eg er uskuldig, og ingen bergar or di hand. Di hand hev skapt og dana meg fullt ut, og no vil du meg tyna? Hugs på, du forma meg som leir; no gjer du atter meg til mold! 10 Som mjølk du let meg renna ut og let meg stivna liksom ost; 11 Du klædde meg med hud og kjøt, fleitta bein og senar saman. 12 Du gav meg både liv og miskunn, og verna um mitt andedrag. 13 Men dette du i hjarta gøymde, eg veit det var i din tanke; 14 Du vakta på meg um eg synda; du gav meg ikkje til mitt brot; 15 um eg var skuldig, usæl eg! Um skuldfri, tord’ eg ei meg briska, av skjemsla mett, med naud for augom; 16 For då du jaga meg som løva og let meg atter under sjå, 17 du førde nye vitne mot meg og harmast endå meir på meg og sende mot meg her på her. 18 Kvi drog du meg or morsliv fram? Kvi fekk eg ikkje usedd døy, 19 lik ein som aldri til hev vore, og vart i grav frå morsliv lagt? 20 Er ikkje mine dagar få? Haldt upp! Slepp meg, so eg litt glad kann verta, 21 fyrr eg gjeng burt, og kjem ’kje att, til myrkre land med daudeskugge, 22 eit land so myrkt som svarte natti, med daudeskugge og vanskipnad, der dagsljoset er som myrke natt!»»
Copyright information for NorSMB