Job 12

Då svara Job og sagde: «Ja visst, de er dei rette folk, og visdomen døyr ut med dykk. Men eg hev vit so vel som de; eg ei til atters stend for dykk; kven kjenner ikkje dette fyrr? Til spott for venen min vert eg som bad til Gud og bønhøyrd vart. Til spott vert rettvis mann og ærleg. Vanvyrd ulukka! tenkjer trygg mann, vanvyrdnad ventar deim som vinglar. Valdsmenn bur roleg i sitt tjeld; trygge er dei som tergar Gud, dei som hev Gud i neven sin. Spør bølingen, han skal deg læra, og fugl i luft, han segja skal, og tal til jordi, ho skal læra, og fisk i hav, skal melda deg: Kven skynar ei på alt i hop, at Herrens hand hev skapa det? 10 Kvar livand’ sjæl han hev i handi og åndi åt kvart menneskje. 11 Vert ordi ei med øyra prøvde, som du med gomen maten smakar? 12 Hjå folk med gråe hår er visdom, og vit hjå deim som liver lenge. 13 Hjå honom visdom er og kraft, hjå honom råd og dømekraft. 14 Når han riv ned, kven byggjer upp? Når han set fast, kven løyser ut? 15 Han stengjer vatnet, turkar det, slepper det, so det jordi øyder. 16 Hjå honom kraft og klokskap er; han eig båd’ vegvill og vill-leidar; 17 rådsherrar fører han som fangar, og domarar han gjer til dårar. 18 Han løyser konge-styring upp, legg reip kring livet på deim sjølve. 19 Han fører prestar plundra burt og øyder ut eld’-gamle ætter. 20 Han mælet tek frå øvde talar og vitet frå dei gamle menn, 21 og yver stormenn skam han øys og løyser beltet på dei sterke. 22 Han myrkret driv or holor ut og fører dimma fram i dagen. 23 Han aukar folk og tynar deim; han spreider folk og fører deim; 24 Han vitet tek frå jordheimsfyrstar og let veglaus heid deim vildra; 25 dei sviv i myrkret utan ljos, han let dei raga liksom drukne.
Copyright information for NorSMB